Marit Larsen er ute med sitt tredje album. Foto: Promo/EMI

Marit Larsen er ute med sitt tredje album. Foto: Promo/EMI

Marit Larsen - Spark

Eit forsiktig spark

Marit Larsen gjenoppfinn ikkje seg sjølv på sitt tredje album, men det er det ikkje sikkert at det var eit skrikande behov for heller.

Skrevet av:
Publisert 17:09 21 november, 2011

Det er vanskeleg å ikkje ha respekt for Marit Larsen. Med auga på målet og utprega integritet har ho vekse til å bli ei av Noregs mest suksessrike artistar, og det er ikkje til å unngå at ho no, når ho gjer ut sitt tredje soloalbum, vert møtt med høge forventingar. Larsen har vald å møta utfordringa med same taktikk som tidlegare: med produsent Kåre Vestrheim ved hennar side, og med vakre, medrivande poplåtar som viktigaste våpen.

Spark er som stemma til ei gamal venninne, kjensla av yndlingsgensaren din og synet av ekskjærasten på ei og same tid. Larsens stemme er som ei mjuk vasstråle, Vestrheims arrangement er runde og metta, tematikken vekslar mellom det såre og det lette.  Marit Larsen har gong på gong vist at ho har eit heilt eige handlag med å lokka fram dei vakre poplåtane, og det har sine klare føremon; Spark er vorte eit album mest blotta for dårlege spor.

Tekstleg er det framleis kjærleiken, den kjærleiken, det krinsar kring. Spark tek deg faktisk gjennom så å seie heile kjensleregisteret innan timen er omme; Larsen er forelska, ho er motlaus, ho er lukkeleg, ho er vonbroten. I slikt farvatn er fara for flosklar alltid til stades, men Larsen navigerer heldigvis stødig. Linjer som «give me the book and I’ll read it too,» frå «Fine Line», eller «my best dress reminds me of you», frå den såre «Last night», har stor atterklang i all si einfelde.

At ein etter nokre rundar byrjar å kjenna att både Larsen og Vestrheim sine knep for å dra lyttaren til seg – dei forventingsskapande pausane, dei stadig tilbakevendande strykarane, dei brå skifta i dynamikk – er ei annan sak. Dette er ikkje nødvendigvis nybrottsarbeid, og sett i samanheng med Larsens to førre plater er det heller ikkje snakk om eit dramatisk taktskifte. Marit Larsen speler heller vidare på sine eigne sterke sider, som har vore tydelege heilt frå hennar fyrste soloalbum: modnaden, melodisensibiliteten og emna til bera fram sterke refreng.

«Coming Home»:

I kva grad ein skal kreva at ein artist tilføyer nye musikalske lag for kvart album, er ikkje ei problemstilling med eit opplagt svar. Likevel er det slik at nokre av dei mest minneverdige augeblikka på Spark oppstår nettopp når konvensjonane vert utfordra – som på opningsporet «Keeper Of The Keys», der eit nakent komp let Larsens stemme vera mest mogleg i fred, eller dei lett americanadyppa «I Can’t Love You Anymore» og «Fine Line».

Albumtittelen skal ifølgje artisten hinta til dei små augeblikka som endrar alt – enten det er starten på noko nytt eller byrjinga på slutten. Skal ein fyrst vri på ordbruken, kan ein godt seia at Spark ikkje er nokon av delane. Musikalsk tek ikkje albumet nokre brå svingar verken til venstre eller høgre, men vidarefører det prosjektet Marit Larsens solokarriere til no har vore. Samstundes er det vanskeleg å sjå for seg at Spark markerar slutten på Larsens fabelaktige popularitet. Til det er albumet alt for lett å lika.

Maria Horvei

Tags: , , ,

Del "Eit forsiktig spark"
 

7 kommentarer på “Eit forsiktig spark”

  1. [...] og  det blir nok ikke siste store hit fra hennes helt ferske, tredje soloalbum, Spark. Vi er svært stolte av at vi endelig kan dele ut gratisbilletter til innspilling av Lydverket [...]

  2. Vidar Flak sier:

    nynorsk :)

  3. Vidar Flak sier:

    nynorsk :)

  4. [...] Det samme gjorde Lydverket. [...]

Legg igjen en kommentar