Ein gøymd nasjonalskatt

Odd Nordstoga er ein av Noregs kjæraste artistar. Men det er ikkje ein av hans mest kjende låtar som rører Maria Mena til tårer.

Skrevet av:
Publisert 14:00 4 november, 2011

«Ein gong kom kjærteiken heilt av seg sjølv, og kvar dag den var av sølv.«

Då Odd Nordstoga skreiv denne fyrste linja til songen «Dagane», frå albumet Heim te mor, prøvde han å medvite laga ein klisjé. Men som det ofte er med klisjéar, viste det seg at den hald på noko som var sant og ganske flott. Den enkle og vemodige melodien sett ord på noko mange kjenner på: Kvardagen som kjem og overskuggar dei kjenslene som ein gong brann så sterkt. Nordstoga sjølv kallar «Dagane» ein «heilt eksplisitt kjærleikssong».

- Eg er gift, med det familielivet som følgjer med. Og kjærleikslivet vert då gjerne sånn at den eine dagen tek den andre. Det er kvardagen som  kjem. «Dagane» handlar om det å, på godt og vondt, dela livet og vera saman, fortel han Lydverket.

Sjå Odd Nordstoga spela «Dagane» for Lydverket øvst i saken!

Skjult skatt

Heim til mor kom ut 2006, vart ikkje «Dagane» vald ut som radiosingel frå albumet. Den fekk då heller ikkje same landeplagestatus som fleire av Nordstogas andre låtar har fått, og kunne fort ha forsvunne i resten av katalogen. Slik har det ikkje gått. Nordstoga fortel at når han speler konsert, tek det ikkje meir enn fire tonar på gitaren før publikum kjenner att «Dagane». Dei har funne fram til den og trykt den til sitt bryst, heilt utan hjelp frå plateselskapets promoteringsmaskin.

At songen har blitt så kjær for så mange,trur artisten heng saman med at den er ein svært ærleg song, som er lett å kjenna seg att i:

- Den er ikkje lagd for å medvite røra noko i publikum. Eg har gått heilt i meg sjølv. Og når eg prøver å finna fram til noko sant i meg sjølv, er det nok sannsynleg at dette er sant for mange andre òg.

Mena tek til tårene

Blant dei som har kjend seg truffe av Nordstogas ord, er denne vekas gjesteprogramleiar for Lydverket, Maria Mena. Ho nemner «Dagane» som den songen som kan få ho til å grina. Det tek Nordstoga som eit kompliment:

- Det må eg berre sei at eg er takksam for. Det er jo det som er målet, at eg liksom møter nokon med den låta.

Personleg favoritt

For Nordtoga sjølv betyr det faktisk litt ekstra at så mange har funne fram til «Dagane», meir eller mindre på eigen hand – det er nemleg ein hans personlege favorittar frå sin eigen katalog, og ein av dei songane han er mest stolt av.

Sjølv om «Dagane» ikkje er eit glansbilete av ein kjærleikssong, forklarar Nordstoga at den ikkje berre er grå:

- Det som er håpet i songen, er at ein, når det røynar på,  greier å henta fram den vanvittige energien som du la i den jenta då du var nyforelska. Då kan ein koma utruleg langt.

Tags: , ,

Del "Ein gøymd nasjonalskatt"

Legg igjen en kommentar