Juicy fruits til Middelalderparken

Sidan Øya slapp Band Of Horses til sommarens program, har det tikka inn mange nye og spennande namn. Blant anna ei heil rekke norske artistar. Som Øyafestivalen lovde, så kom det fem nye slepp denne veka. Og her har du ein gjennomgang av alle. Det første sleppet denne veka var amerikanske Wilco. Dette er bandet […]

Skrevet av:
Publisert 8:00 28 februar, 2009
Harrys Gym Foto: MySpace

Harrys Gym Foto: MySpace

Sidan Øya slapp Band Of Horses til sommarens program, har det tikka inn mange nye og spennande namn. Blant anna ei heil rekke norske artistar.

Som Øyafestivalen lovde, så kom det fem nye slepp denne veka. Og her har du ein gjennomgang av alle.

Det første sleppet denne veka var amerikanske Wilco. Dette er bandet som hentar inspirasjon frå musikalske godbitar som Television, Beach Boys, Miles Davis, The Band, The Beatles og Neil Young. For å nevne nokre. Om berre nokre få månader er dei klar med ein konsert-DVD og ny plate. Noko som fansen kan ha nytte av når dei stikker innom Middelalderparken i august.

Band nr to, var ingen ringare enn Band Of Horses. Men det har du vel alt fått med deg?

Som nummer tre, dukka eit litt reatarded namn opp (oh, dobbeltydning). Jada,jada. Jay Reatard stikker også innom parken. Denne karen har vert ein del av punkmiljøet i Memphis sidan slutten av 90-tallet. Før han gav ut solodebuten Blood Visions i 2006, var han med i band som The Reatards, The Lost Sounds og Bad Times. Og eit nytt soloalbum er på veg. Og vil du sjå denne mannen i levande live før august, då kan du kanskje stikke innom Garage i Oslo 24. mars.

På dag fire var det den London-baserte Dj`en Erol Alkan som blei sluppet. Han har gjort remixar av låtar frå bla. Death From Above 1979, Interpol, Hot Chip, Bloc Party, Daft Punk, The Chemical Brothers, Annie og Justice. Og mest sannsynlig ein haug andre kjente navn. Genreblanding og mash-ups er to stikkord som beskriver Erol Alkan. Skal du få med deg denne festen, så sørg for å ta på deg dansebuksa, for det er nok lite sannsynlig at dansefoten står roleg.

Det siste sleppet, blei ikkje berre eit namn. Men ei heilnorsk rekke. Den inneheld artistane Tønes, Harrys Gym, Magnus Moriarty, Pony The Pirate og Ungdomskulen. Fjoh! Bra liste det der altså.

Tønes, er rogalendingen som lenge har vert ei skjult perle på den norske musikkhimmelen. Den unge låtskrivaren og tekstforfattaren har blitt samanlikna med artistar frå Elvis Costello og Will Oldham til vår eigen Lars Lillo Stenberg. Med låtar som «Parobol e fine greie, «Hvis du he ei kåna du e leie» og «Te kniss i drid» er det ikkje godt å sei kva ein har i vente. Men du får sjekke ut denne konserten om du er nysjerrig. Og det burde ein jo vere.

Harrys Gym trollbandt mange under årets by:Larm festival. Og det er ingen tvil om kva retning tommelen peikar, om underteikna skal begynne å meine noko (og det er oppover såklart). Etter haustens sjølvtittelerte debutplate, har dei klart å få Universal til å ta dei inn i varmen. Og det er ikkje berre berre. Men med Anne Lise Frøkedal (som også har bemerka seg med I Was A King) sin magiske vokal prestasjon, pakka inn i noko som kan beskrivast som eit musikalskt kunstverk, skal du vere iskald om ikkje hårene på kroppen reiser seg. Dette er virkeleg ein konsert å glede seg til. Og vi hadde førpremiere på den første musikkvideoen til bandet, sjekk berre her.

Magnus Moriarty gav ut den flotte skiva med tittelen Perhaps Interipr Heart Politeness i fjor, skreiv han seg inn i norsk pophistorie. Mannen lagar suverene poplåtar, som iallefall Luke Star-gutta har sansen for. Sjølv om både vi og mange andre har fått sansen for denne flinke karen, er det fortsatt mange igjen som må få augene og øyrene opp for han. Og Øyafestivalen er ein god sjangse til å sjekke ut ein av våre nye popyndlingar.

Som dei fleste sikkert har fått med seg, så var det Pony The Pirate som stakk av med tittelen «Årets Urørt» denne gongen. Vinnarlåta har fått køyrt seg bra på P3, og no skal dei ut på Zoom-turné med jentene i Norma Sass (som også skal spele på årets Øyafestival). Dansbar pop, kanadisk indie og fengande refreng er det som beskriver musikken til dette sju mannsorkesteret.

Så, vekas siste navn er altså Ungdomskulen. Powetrioen som trekker fleire mennesker på konsertane sine i London og New York, enn dei gjer i Oslo og Bergen. Dei blir omtalt som kritikarfavorittar, og vår anmelder trilla terningen til fem prikkar, då dei debuterte med Cry Baby hausten 2007. 9.mars er det klart for den nye plata Bisexual. Og skal vi tru dei bookingansvarlige for Øya, så kan vi glede oss. Er du ikkje så godt kjent med Ungdomskulen? Sjekk ut denne videoen då vell.

Dette var altså vekas siste programslepp frå Middeladerparken. Tidlegare har vi blitt servert namn som Lily Allen, Bob Hund, Bon Iver, I Was A King, Kåre and the Cavemen, The New Wine og mange fleire.. Sjå opp for meir!

Tags: , , , , , , , , , , , ,

Del "Juicy fruits til Middelalderparken"
 

1 kommentar på “Juicy fruits til Middelalderparken”

  1. øya-fan sier:

    eh. kunne du likegodt ha linket siden til oyafestiveln.no og til artistbeskrivelsene fra nyhetene denne uka? er jo nesten ordrett det som står der joh… det er jo ikke akkurat news fra lydverket. hadde jo vært fint med noe faktisk ny info?

Legg igjen en kommentar