Den som venter på noko godt…

Den som venter på noko godt…

Dr. Dre utsett Detox – nok ein gong. Han er ikkje den einaste som gjer seg vanskeleg tilgjengeleg.

Skrevet av:
Publisert 16:06 15 november, 2011

Dei fleste har nok gitt opp å venta i andelaus spenning på Detox, det evig utsatte tredjealbumet til Dr. Dre. Men om du likeve nøra eit håp om å kunne leggja det inn i musikkspelaren tidsnok til årets nyttårsfest, må du – nok ein gong – sjå deg skuffa. Vestkystgiganten tek nemleg pause frå studio på ubestemt tid, etter harde økter som produsent for Aftermath-artistane Kendrick Lemar og Slim the Mobster, melder MTV.

Det har snart gått tolv år sidan arbeidet med Detox tok til - albumet som etter sigande skal bli Dr. Dres siste soloalbum. Til trass for den lange ventetida har det ikkje mangla på optimistiske spådommar: Lydverket augna håp då Dre i eit intervju med CNBC våren 2010 varsla ny singel med Jay-Z, samstundes som han lova at albumet endeleg skulle kome i løpet av året. Dette slo ikkje til.

Då videoen til Akon- og Snoop Dogg-samarbeidet «Kush» vart sluppe for eit knapt år sidan, gjekk prognosane på at Detox kom til å koma i starten av 2011. For kven gidd vel å spela inn ein så dyr video utan eit album som kan følgja opp?

Dr. Dre, åpenbart. Men han er i godt selskap. Uutgitte album er eit velkjent fenomen, og ikkje så reint sjelden veks mytologien kring musikken seg større enn sjølve produktet. Her er ein handfull av dei mest kjende døma:

Guns N’ Roses – Chinese Democracy

Skuleeksempelet på stadig utsette meisterverk er og blir Chinese Democracy. Guns N’ Roses byrja arbeidet med albumet i 1994, før intern splid til tvang medlemmane til å gå ulike vegar. Det stoppa ikkje Axl Rose, framleis med den juridiske eineretten på Guns n’ Roses-namnet i baklomma, frå å ta prosjektet med seg vidare. Og vidare. Og vidare.

Historia om innspelinga av Chinese Democracy er ein evigvarande runddans av ulike produsentar, innleigde musikarar og ein konstant rykteflom om moglege utgjevingstidspunkt. I 2005 anslo New York Times at prosessen hadde kosta rundt 13 millionar dollar – og endå var det skulle det gå tre år før albumet faktisk kom ut.

Innan den tid hadde Chinese Democracy for lengst vorte myteomspunne, og det var vel knapt til å unngå at det ferdige resultatet vart eit aldri så lite antiklimaks. Eller som Lydverkets Marius Asp sa det:  «Et håndfast bevis på at tålmodighet ikke alltid lønner seg.»

D’Angelo – James River

Voodoo, r&b-artisten D’Angelos andre album, kan få kven som helst til å lengta etter meir. Ekstra kjipt er det då at oppfølgaren til 2000-albumet, med arbeidstittelen James River, har vore under arbeid i bortimot ti år. Alkohol- og dopproblem, ein arrestasjon og ei bilulykke har vore medverkande faktorar til forseinkinga, og med unntak av diverse låtlekkasjar har få teikn til det komande albumet materialisert seg.

I det siste har det likevel dukka opp lovande rapportar angåande D’Angelos produktivitet – mellom anna har stjerneprodusenten Mark Ronson meldt om studiosamarbeid. Og på nyåret kjem altså r&b-helten til Europa – men diverre ikkje Noreg. Konserten i København er utseld, men kanskje kjem albumet rundt same tid?

Medan me smører oss med nok eit lag med tolmod – «Untitled» frå Voodoo:

Prince – The Black Album

I desember 1987, ei veke før Prince sitt The Black Album var klar for å butikkhyllene, bestemte artisten seg for å tilbakekalle alle kopiar, og albumet Lovesexy vart snart lansert som erstatning. Fleire årsakar har blitt nemnt og spekulert i, mellom anna at Prince vart overtydd om at albumet var vondt, og at han meinte det var for erotisk lada. Andre meiner vrakinga av albumet var eit resultat av ein dårleg ecstasy-trip.

Då albumet, med fullstendig svart omslag, til slutt kom på marknaden, viste kalenderen 1994. Ei mengde med bootleg-kopiar hadde då allereie sirkulert i ei årrekke, og The Black Album var for lengst sikra legendestatus.

Beach Boys – Smile

Endå meir legendarisk må ein kalla Beach Boys-albumet Smile. Bandet arbeida med det var tenkt å bli oppfølgaren til mesterverket Pet Sound i 1966 og 1967, men fram til i år har desse innspelingane vore utilgjengelege, myteomspunne – og svært ettertrakta. Ei handfull rekonstruksjonar har riktignok dukka opp – med Brian Wilson si innspeling frå 2004 som den best kjente – men nyleg kom The Smile Sessions, som endeleg har gjort den originale innspelinga tilgjengeleg for det breie publikum.

Det er gjerne Beach Boys-frontmann Brian Wilson si skrale mentale helsa som har fått skulda for den opphavlege skrinlegginga av Smile. I 1966 byrja teikn til paranoia og depresjon å stikka hovudet fram hjå Wilson, og på eitt tidspunkt under innspelinga skal han ha blitt bekymra for at Smile var den direkte årsaka til fleire brannar i nærleiken av studioet. Legg til intern usemje i bandet og ei rekke juridiske problem, og du har eit album det tek 44 år før det kjem ut.

Tags: , , , , , , , , , , ,

Del "Den som venter på noko godt…"

Legg igjen en kommentar