<B>Langt frå kulast</b> Lady Gaga når ikkje opp på NME si liste. Foto: Universal Music

Langt frå kulast Lady Gaga når ikkje opp på NME si liste. Foto: Universal Music

Dei aller kulaste

Kven er kulare enn Lady Gaga? Ganske mange, skal me tru NME. Dei har kåra 2010s kulaste artistar.

Skrevet av:
Publisert 11:49 21 oktober, 2010

Britisk musikkpresse har ei eiga evne til rangering, og denne månadens NME er via intet mindre enn verdas 75 kulaste artistar. «The Cool List» er ein årleg markering frå det britiske musikkmagasinet si side, og inneheld i år alt frå Solja Boy (på 70. plass) til Marcus Mumford frå Mumford & Sons (på ein svært omdiskutert 11. plass). Minste felles multiplum for kva det vil sei å vera «cool» er med andre ord ikkje umiddelbart lett fatte, men tredagarsskjegg for gutar og edgy hårfrisyre for jenter verkar likevel å vera ein god start.

Uansett kva kriteria er, lister alltid underhaldande. Er verkeleg Willow Smith (33. plass) kulare enn Lady Gaga (på ein slapp 50. plass)? Kanye West hamnar på ein generøs 3. plass, medan Jay Z ikkje er å finna før på 21. plass. Og mange vil nok sakna Karen O. Og Beth Ditto. Og utallige andre.  Weezers River Cuomo (75. plass) slo mange på målstreken.

Den kulaste av dei alle er, skal me tru NME,  likevel verken popdronning, hiphopguru eller rockefrontfigur. Folkstjerneskotet Laura Marling tronar nemleg øverst på lista, kanskje noko overraskande. Marling kom ut med sitt andre album I Speak Because I Can i vår, og er vakker, ung (fødd på 90-talet!) og hylla av kritikarane. Og det er jo sjølvsagt kult.

Jamnt over verkar det som kulast å vera britisk, men svenske Robyn ligg på 15. plass. Ingen norske er med – NME har tydelegvis gløymt Ida Marie, Röyksopp og..eh, Madcon? Heile lista kan lesast her, eller i neste utgåve av NME.

Eit utval kule videoar:

Laura Marling (1. plass), «Rambling Man»


Janelle Monae (2. plass), «Cold War»

Zola Jesus (14. plass), «Clay Bodies»

Giggs (26. plass), «Look What The Cat Dragged In»

Ariel Pink (40. plass), «Bright Lit Blue Skies»

Katy B (49. plass), «Katy On A Mission»

Tags: , , , , , , , , , , , ,

Del "Dei aller kulaste"
 

4 kommentarer på “Dei aller kulaste”

  1. t-man sier:

    Ser ikke Marcus Mumford skal være et problem så lagt opp. Omdiskutert og omdiskutert. Fett band som gav ut en av de bedre skivene i 09.

  2. Kosinusfan sier:

    Kosinus er best !!!!!

  3. [...] Er britisk folkstjerne verdas kulaste? Les om NME si kåring her. [...]

  4. [...] Verdas kulaste folkstjerne, Laura Marling, har covra Neil Youngs “The Needle And The Damage Done”. Produsent er Jack White (han er overalt!), og resultatet er riktig fint: [...]

Legg igjen en kommentar