CCTV

Har du fått med deg Ukas Urørt-bandet CCTV? Eller kanskje du berre har høyrt låta «We Belong» uten å eigentleg tenke over kven det er. Uansett, det er på tide å introdusere CCTV for folket. CCTV er eit band som opprinneleg kjem frå Haugesund. Byen som blant anna er kjent for sild, jazz og Amanda’er. […]

Skrevet av:
Publisert 14:00 4 oktober, 2009
Det er på tide å introdusere CCTV! Foto: MySpace

Det er på tide å introdusere CCTV! Foto: MySpace

Har du fått med deg Ukas Urørt-bandet CCTV? Eller kanskje du berre har høyrt låta «We Belong» uten å eigentleg tenke over kven det er. Uansett, det er på tide å introdusere CCTV for folket.

CCTV er eit band som opprinneleg kjem frå Haugesund. Byen som blant anna er kjent for sild, jazz og Amanda’er. Men for tida er dei å finne i Oslo, om du skulle få lyst til å leite dei opp. CCTV er som sagt eit Urørtband, som har blitt kåra til «ukens urørt» med låta «We Belong». Og det er jo ikkje noko ein skal kimse av. Musikken dei spelar er prega av indiepop, psykedelia og elektronika. I tillegg er det mørkt, fint, melodiøst og fengande. Og ein heil del kjensler er å finne i musikken deira. Og når Shaun Curtis, Mark Kibibiro og Jon Marthens set musikk på desse følelsane, då vert det magi. Dette er absolutt tre unge menn ein skal sjå opp for!

CCTV er ikkje heilt nye i musikkverda, sjølv om dei akkurat har fått status som «Ukens Urørt». I fjor debuterte dei nemleg live på klubb-øya og kort tid etter varma dei opp for kanadiske The Hidden Cameras på Revolver. Og for tida jobbar dei med låtmaterialet til debutskiva. Urørt-låta og låta «The Alarm» vart spelt inn i Taakeheimen Studios i februar saman med Marcus Forsgren frå Lionheart Brothers. Så forhåpentlegvis er ikkje debutplata mange lysår unna.

Og har du ikkje høyrt CCTV før, eller høyrt om dei for den saks skuld, så burde du enten sjekke ut Urørt sida deira, MySpace sida deira eller rett og slett gå innom Garage i Oslo 28. oktober.

Tags: , , ,

Del "CCTV"

Legg igjen en kommentar