Norah Jones framfører <I>Little Broken Hearts</i> under årets SXSW i Austin, Texas. Foto: NTB Scanpix / Jack Plunkett, AP Photo

Norah Jones framfører Little Broken Hearts under årets SXSW i Austin, Texas. Foto: NTB Scanpix / Jack Plunkett, AP Photo

Norah Jones - Little Broken Hearts

Allting kan gå itu

Norah Jones prøver seg som 1960-tals-vamp på sitt siste album. Det er ikkje heilt til å få hjarteflimmer av.

Skrevet av:
Publisert 10:27 1 mai, 2012

Cover til Little Broken Hearts, inspirert av 1965-filmen Mudhoney.

Norah Jones er forrådt, nyklypt og klar til å gjera visse endringar. Nesten ti år har gått sidan debutalbumet Come Away With Me gjorde ho til allemannseige. Talrike musikalske sidesprang har vorte gjennomført sidan den gong, men framleis klebrar det seg  ein eim av kaffibar og middagsselskap ved namnet hennar, som verken det å samarbeida med Outkast eller å slå ut håret saman med The Little Willies har gjort så altfor mykje med.

Men no er altså Little Broken Hearts her, i all si b-film-inspirerte prakt. Det openbare forsøket på vampifisering er kanskje ikkje det mest tiltalande ved fyrste augekast – kan me ikkje få behalda nokon popstjerner som ikkje ynskjer å bli den neste musa til Quentin Tarantino? – men etter fjorårets medverking på Rome, tospannet Daniele Luppi og Brian «Danger Mouse» Burton sitt spaghettiwestern-prosjekt, var det kanskje ikkje anna å venta. I alle fall ikkje når Burton òg har vorte med vidare som låtskrivar og produsent.

Burton sin forkjærleik for filmmusikk av eldre årgang er med på å prega også dette prosjektet. Saman med kledelege dryss av støvete country, samanvevd med Jones’ mjuke soveromsvokal, vert det skapt eit stemningsfullt, men stundom illevarslande lydbilete. Eit stykke frå den elegante popjazz-purringa som gjorde Jones så stratofærisk populær i utgangspunktet med andre ord, men det er likevel ikkje eit tigerbrøl av eit album det er snakk om. Behagelege popmelodiar flyt gjennom det heile, understøtta av klirrande gitarar og repeterande rytmemønster.

Tematikken er riktignok av bitraste sort - i likskap med The Fall frå 2009 er produktet av eit samlivsbrot – men det skal meir til enn som så for å gjera eit Norah Jones-album genuint krevjande å lytta til. Høyr berre på den glad-triste melodiføringa i singelen «Happy Pills» – eit av albumets høgdepunkt:

«Happy Pills»:

Det Little Broken Hearts likevel manglar, er fleire spor som kunne trekt albumet ut av retrodøsinga. Heilskapen er der, men noko av engasjementet manglar. Forsøket på å kombinera særpreget Jones’ har som artist – dei utruleg tiltalande kvalitetane i stemma, den kjenslevare musikaliteten – med eit meir rustent uttrykk er ikkje mislukka, men hadde trengt litt meir fart i den eine eller den andre retninga for verkeleg å bryta gjennom glastaket.

Maria Horvei

Tags: , , ,

Del "Allting kan gå itu"
 

1 kommentar på “Allting kan gå itu”

  1. Arne Vizva sier:

    Ja, det var synd at hun ikke helt fikk til dette albumet. Norah Jones har alltid vært en av mine topp favoritter i «smooth-sjangeren» – en sjanger som innimellom fungerer som balsam for sjela! :-)

    Favoritten på albumet er Out On The Road, men jeg akter ikke å slå meg til ro med det – lytte flere ganger og se om det vokser, og kanskje andre låter etter hvert står fram..

Legg igjen en kommentar