Valresultatet for Sola er klart

 

Då var skulevalresultatet for Sola klart, og gjett kven som vann! Jepp, det blei Høgre. Overraskande? Nei. Etter applausen Høgre fekk under skuledebatten, rekna me med at Høgre skulle få ein del stemmer. Og det gjorde dei, faktisk så mykje som 30%. Representanten frå Høgre skal nok ha mykje av æra for dette. Anten mislikte du ho eller så vart du begeistra, og tydeligvis vart dei fleste begeistra.

Ap kom på andre plass med 22.1%, noko me er svært nøgde med.  Det som var litt meir overraskande var at Ap slo FrP. Etter våre oppfatningar har vel FrP pleid å kome betre ut av skulevala på Sola enn Ap, ettersom FrP ofte lukkas i å nå fram til ungdomen, og ta opp sakar som angår ungdom. At KrF havna så langt nede, hadde me ikkje forventa. At dei skulle nå høgare opp enn DLF hadde me iallfall forventa. Men den gang ei. DLF fekk 28 stemmer, medan KrF fekk 23.
Utanom dette, var det vel egentlig ingenting som sjokkerte, resultata på dei andre partia var så å seie forventa.

582 stemmer vart gitt, kor 570 vart godkjende. Av alle på skulen var det 74,8% som deltok.

– Marie og Karoline

 
OVERSIKT OVER VALRESULTATET FOR SOLA VGS:

Parti

Stemmer

Prosent

Det norske Arbeiderparti

126 22.1%

Sosialistisk Venstreparti

29 5.1%

Rødt

4 0.7%

Senterpartiet

13 2.3%

Kristelig Folkeparti

23 4.0%

Venstre

44 7.7%

Høyre

171 30.0%

Fremskrittspartiet

121 21.2%

Norges Kommunistiske Parti

3 0.5%

Miljøpartiet De Grønne

3 0.5%

Pensjonistpartiet

2 0.4%

Det Liberale Folkepartiet

28 4.9%

Kystpartiet

1 0.2%

Kristent Samlingsparti

1 0.2%

Demokratene

1 0.2%
Dette innlegget ble publisert i Bloggklassen på Sola. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *