Ulv i fåreklær

Det er spennande kunnskap at marksist leninisten Asgeir Drugli smetter ut av skapet og innrømmer at han speller dataspell. Interessant fordi han altså sit ved pcen heime og  lar strategispell flimre over skjermen. Skulle vore moro å kikka han over skuldra i forhold til det strategispellet han har lagt opp for valgkampen i Telemark.

Asgeir Drugli er nemlig ein godt kjent og populær politiker på Notodden etter mange år i lokalpolitikken og fire år som varaordførar. Han er derimot lite kjent utafor industri og bluesbyen, og det er ein av hovedutfordringane Drugli møter i denne valgkampen. Før folk tenker tanken på å bruke lista til Rødt, må dei vite kven kandidaten er.

 Den andre hovedutfordringa er at Rødt er eit lite parti – som stort sett ligg rundt ein prosent på meiningsmålingar og i valg. Sperregrensa i Stortingsvalg er på fire prosent, og viss Rødt ikkje når denne grensa 14. september, vil for eksempel SV få rett i at ei stemme på Rødt og Asgeir Drugli er ei bortkasta stemme i Telemark.

Nettop samarbeidet med SV og uavhengige sosialistar på Notodden har brakt Solidaritetslista med Asgeir Drugli i spissen opp i fantastiske 26 prosent ved siste kommunevalg. Mykje av suksessen skreiv seg frå måten Drugli handterte rånaropprøret  på den heite sommaren i Storgata på Notodden. Då var Drugli fungerande ordførar og opptrådte som borgerskapets talsmann og mante til ro og orden. Dette blei han populær på – hos alle unntatt rånerane og ein ukjent steinkastar.

Den revolusjonære stortingskandidaten reiser nå rundt på valgmøter og i tv studio og stiller i dressjakke og slips.

Nokon vil nok hevde at dette er ein ulv i fåreklær.

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *