Skoledebatt på Sola VGS

img_76631[1]

 (Foto: Vegard Ravndal)

”Å høyre SV snakka om miljø, er som å høyre ein kåt fjortissgut snakka om sex; lovar og lovar, men når det kjem til stykket, klarer dei ikkje prestere,” var bare ein av dei spydige kommentarane som blei slengt i dagens skuledebatt. Partia som møtte opp var Sv, Ap, Sp, V, Krf, H, FrP og DLF. Rødt derimot, dukka aldri opp. Debatten åpna med at kvart parti skulle få ha eit treminuttars åpningsinnlegg. No var det tid for å få oss interesserte og engasjerte.

Nokre imponerte, men dessverre ikkje Sp. Ein litt usikker og nervøs tale nådde nok ikkje fram til så veldig mange. Ho fortsatte like passivt gjennom heile debatten. Kva er det eigentleg med Sp og forsiktige, kvinnelige representanter med dialekt? Dei andre derimot viste mykje meir engasjement og sjølvtillit, noko som resulterte i større applaus og begeistring frå publikum. Aller siste åpningsinnlegg blei haldt av det meget spesielle og for oss ganske ukjente partiet DLF (Det Liberalistiske Folkeparti). Representanten frå dette partiet åpna innlegget med å spørje kor mange av oss som eigentleg ikkje interesserte oss for politikk. Som forventa var det fleire som rakte opp handa. ”Det gjør ikkje me heller!” var responsen. Allereie då forsto me at dette nok ikkje var eit heilt normalt eller tradisjonelt parti. For narkotika legalisering, imot lovar og ekstremt opptatt av verdensfred og at alle berre skal vera snille så går alt bra.  Med nokså særegen dialekt og morsomme argument, var det interessant å høyre på dette partiet, men det blir nok ikkje noko stemme til DLF fra oss, nei.

Gjennom heile debatten var det som forventa mykje kritikk mot dei regjerande partia. SV fekk mykje pes for miljøpolitikken deira. Ifølge Bellona hadde utslippa gått opp, ikkje ned, slik dei hadde lova. Ap fekk endå meir pes for alle løfter dei ikkje hadde haldt. Spesielt frå FrP, Høgre og Venstre. Etter vår meining forsvarte Arbeiderpartiet seg bra med saklege argument og kommentarar.

Då Høgre haldt opp ein papirlapp med ordet ”løgn” skriven med store bokstavar medan Ap snakka, synes me dette blei usakleg og nesten litt barnsleg. Ellers var Høgre engasjert, og snakka mykje, nesten for mykje. Me tykkjer denne representanten blei ein smule irritrerande og opptrådde arrogant. Det er bra å ha sjølvtillit og engasjement, men det finst grenser og me synes rett og slett ho blei litt voldsom. På tross av vår meining kunne ein høyre på applausen at det var mange som likte henne. SV virka meir einig me oss, og meinte at dei ”aldri hadde høyrt Høgre skrike så mykje sidan heisen på stortinget stoppa, og Erna måtte ta trappa.”

Kompisen til Høgre; FrP, var som alltid aggressive og frampå. Likevel virka det som om representanen hadde modna sidan sist skuledebatt, då han kasta godteri på publikum medan andre snakka, dette gjorde at me klarte å ta han meir seriøst i år.

Ruben, som me er stolte av å ha på skulen vår, representerte KrF og gjorde ein god jobb, han snakka om at dei andre partia prøvar å vinne oss ungdom over med og snakka om billig sprit og lengre skjenketider, i staden for å snakke om meir viktige og sentrale saker. Trur verkeleg politikarene at me ikkje er smarte nok til å engasjere oss i andre saker enn alkohol?

 

Alt i alt var debatten interessant og spennande. Me synes gjerne det blir litt mykje anklaging og kritisering. Mellom anklagene fekk me likevel vite ein del om dei ulike partia, noko som kjem godt til nytte for oss før valget.

 

– Marie og Karoline

Dette innlegget ble publisert i Bloggklassen på Sola. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Skoledebatt på Sola VGS

  1. Onar Åm sier:

    Hei! Vil bare korrigere en feil om DLF: vi er ikke i mot lover eller mot staten. Vi er i mot ULOVER, altså lover som rammer fredelige, uskyldige mennesker. Vi vil ha veldig strenge straffer for ekte kriminalitet: mord, voldtekt, overfall, ran, trusler, utpressing, tyveri og svindel. Men all FREDELIG aktivitet skal være lov.

  2. Vegard Ravndal sier:

    Ønske gjerna at fotografens navn (meg) blir oppført

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *