Hundre stemmer av 100.000

Arbeiderpartiet går fram eit halvt prosentpoeng og tar tilbake det utsatte tredjemandat på dagens meiningsmåling. Men fortsatt er det veldig jamnt mellom Arbeiderpartiet og Høgre i kampen om den siste faste plassen på Telemarksbenken.

 Nå ligg Høgre bare omkring hundre stemmer bak Arbeiderpartiet. Hundre stemmer av i alt hundre tusen som blir avgitt i Telemark kan altså avgjøre kven som kommer inn på tinget: Sigvald Oppebøen Hansen eller Torbjørn Røe Isaksen.

Alle meiningsmålingar for Telemark viser at Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet ganske så sikkert får to faste mandat hver på Telemarksbenken. Men marginane i kampen om det femte distriktsmandatet er uhyre små: På tirsdag var Høgres Torbjørn Røe Isaksen inne med nokre hundre stemmers overvekt til Sigvald Oppebøen Hansen frå Ap. Idag er bildet motsett, men Røe Isaksen er bare hundre stemmer frå den faste plassen.

 Tilgjengjeld får Høgre utjamningsmandatet slik styrkeforholdet er nå – men der er målingane endå meir usikre.

Fremskrittspartiet held stillingen i Telemark og har ikkje tegn til fall i oppslutninga slik alle riksmålingar viser dei siste to dagane. Venstre går igjen kraftig tilbake i Telemark, mens dei andre småpartia held stillingen rundt 5-6 prosent.

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *