Torbjørn inn, Sigvald ut

Høgre går mest fram på dagens meiningsmåling som TNS Gallup har gjort for TA og NRK Telemarksenidnga.
Ein framgang på 1,2 prosentpoeng gjør at Torbjørn Røe Isaksen dermed er inne på Stortinget på fast plass. Og Arbeiderpartiet mister då det mandatet, slik at Sigvald Oppebøen Hansen ikkje kommer inn.
 
Viss Høgre klarer å gjenerobre eit fast stortingsmandat frå Telemark,så ligg SV nett nå best an til å få utjamningsmandatet. Dermed kan det likevel bli tre-tre mellom blokkene, sjøl om Arbeiderpartiet mister ein plass.

Elles viser denne meiningsmålinga at det har vore svært små forskyvningar partia imellom i dei første to vekene av valgkampen.

Fremskrittspartiet ligg stabilt omkring seks prosentpoeng over resultatet i 2005, Høgre omlag eitt prosentpoeng over 2005-valget. Dei andre partia stort sett rundt eller under nivået frå siste valg. Snaue 14 dagar før valgdagen er det altså ingen tvil om at det blåser høgrevind over Telemark. Kven av høgreparta som går mest fram, kan fortsatt endre seg.

 

 

 

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *