Tidenes yngste?

Anja Hjelseth vil utvilsomt representere ei fornying av Telemarksbenken om ho blir valgt. Som 24 åring kan ho bli den yngste faste representanten frå Telemark nokon gong. Men vegen fram til ein plass på tinget er noko lang og kronglete.

 Meiningsmålingane så langt i valgkampen, både riks og her i Telemark,  viser at både Senterpartiet og SV slit med å klare nivået frå 2005 valget. Mens regjeringskollega Arbeiderpartiet ser ut til å ha ein god sjanse til å klare nettopp det.

Senterpartiet i Telemark er flinke til å fortelje om alle resultata partiets eigne statsråder får til i regjeringa, men det ser altså ut at dette i liten grad gjør inntrykk på velgerane.

 Sjansen til Anja Hjelseth, og dette gjeld like mykje kandidatane til dei andre småpartia – er då utjamningsmandatet.

Og det kan fort gå til Senterpartiet her i Telemark. Like gjerne som til Høgre, Venstre, Krf eller SV.

Hjelseth er ung, og dermed heller ikkje så veldig kjent blant velgerane, som vår meiningsmåling viser. Ho er likevel ein politiker med ganske solid erfaring, blant anna frå fylkestinget, der ho nå er leiar i kulturutvalget.

 Senterpartiet har latt folket få ein sjanse til å velge mellom ungdommeleg friskhet og fornying – mot rutine og trygghet som andre parti går for.

 14. september får me vite kva folket vil ha.

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *