Pop til inga nytte

SVs nye toppkandidat i Telemark, Heidi Hamadi er godt kjent blant velgerane og skårer også høgt på tillit. Bedre enn Arbeiderpartiets veteranar som ligg an til å bli gjenvalgt. Det viser personmålingane som TNS Gallup har gjort for TA og Telemarksendinga
Men det hjelper foreløpig Heidi Hamadi og SV svært lite at ho er populær. 


Det synest å vere Arbeiderpartiet som drar avgårde med all honnør frå velgerane for det raud-grøne regjeringsprosjektet. SV ligg nå godt under oppslutninga frå Stortingsvalget i 2005, og det var eit dårleg SV-resultat i Telemark.

Partiet har fornya listetoppen frå dei foregåande valga, men stiller likevel med erfarne folk på topp. Både Heidi Hamadi og den populære Vinjeordføraren Arne Vinje på andreplass har opparbeida seg eit godt omdøme i lokalpolitikken på kvar sin kant av fylket.

Utfordringa er å få uttelling på valgdagen for dette.Foreløpig ser det på partimålingane tvert imot ut som om SV er iferd med å miste det gode grepet partiet hadde på Telemarksvelgerane.

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *