Definisjonen av garanti

Det var eit spenstig trekk frå dei raud grøne partia då veljargarantien kom i unionkoket på tampen av valgkampen i 2005. Kanskje bidrog denne garantien til å sikre Arbeiderpartiets tredjekandidat den gongen, Terje Lien Aasland ein plass på tinget.

DET som er lettast å hugse frå veljargarantien til dei raudgrøne, er at lokalsjukehusa med akutt og fødetilbod skulle oppretthaldast, gassøret til Grenland med eit gasskraftverk skulle vere realisert innan 2010 – og dei skulle hindre nedlegging av Union i Skien. Dei fleste veit nå at fødestua Lykkeliten på Rjukan er nedlagt, gassrøret har det ikkje blitt noko av, og vedtaket om å legge ned Union blei gjort omtrent samtidig med at Stoltenberg-regjeringa tok over.Idag har arbeiderpartiets tre stortingsrepresentantar – som ber om fornya tillit – lagt fram sine fortolkningar av kva ein garanti betyr.Opposisjonspartia vil meine at i Arbeiderpartiets ordbok er garanti lik bløff og politisk rekneskap lik bortforklaring.Så er det opp til veljarane å avgjøre kva dei meiner – den 14. september.

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *