Månedlig arkiv: august 2008

TAKK FOR OSS!

Det har vore stort å kunne blogge frå OL, frå redaksjonen i Oslo. Tusen takk for alle innspel, kommentarar, tips og vink i løpet av disse 16 dagane. No loggar eg av for siste gang i denne meisterskapen. Alle i … Les videre

Publisert i OL i Beijing | 10 kommentarer

Tufte på plass

Tre lag skal avgjere NRKs sommerleker på disse romaskinene i kveldssendinga, med Olaf Tufte som despotisk innpiskar. Den tekniske staben jobbar knallhardt for å ting til å fungere. Dette skal gå på direkten. Olaf Tufte skal vere ekspertkommentator.

Publisert i OL i Beijing | 5 kommentarer

Tøffe nordmenn får bank av tyfonen.

  Fotograf Christan Grotnes og reporter Anders Engeland måtte vere eit par ekstra dagar i Hong Kong grunna den tropiske stormen som feia over byen. Her er det Christian skriv i e-posten som kom saman med bileta: Vi tenkte at dette … Les videre

Publisert i OL i Beijing | Skriv en kommentar

Det blir ingen fleire ønskevideoar.

Hei folkens. Kveldssendinga er smekkfull, eg blir dermed ikkje med for å vise fram ønskevideoane dykkar. Det er kjipt, men slik er det ofte i denne bransjen. Tusen takk for alle innspel. Eg tykkjer de er engasjerte, høflige og idérike. … Les videre

Publisert i OL i Beijing | 14 kommentarer

Avslutningsseremonien, kva tykkjer du?

  Kinesarane kan å lage show, det såg vi under opningsseremonien. Jøje meg, det verkar som om avslutningsseremonien er ok regissert også. Tykkjer stemninga er litt mørkare…og der kom David Beckham inn i skjermen. Korleis vil du samanlikne dette showet … Les videre

Publisert i OL i Beijing | 57 kommentarer

Les avslutningstalen

  Klokka 1400 stenger kinesarane OL, håper dei ikkje kastar nøkkelen til dette fantastiske landet. Eg har fått kloa i talen til Liu Qi, som er president for organisasjonskomitéen. Du kan lese den her på tre språk:

Publisert i OL i Beijing | 14 kommentarer

Kva er ditt høgdepunkt?

Med skjelvande fingrar og ustø røst fastslår eg at vi er godt inne i siste dag av Beijing-OL. Det er tid for å oppsummere. Kva er ditt mest levande minne frå leikane? Kva prestasjon eller hending har brent seg fast?

Publisert i OL i Beijing | 226 kommentarer

– og sølv

Jøje meg for ein norsk idrettsdag. To gull og ein sølvmedalje i dei olympiske leikar. Pr. no har vi tre gull, fem sølv og to bronse. Fantastisk av vinternasjonen Noreg. Ein bør vere særs glade på Nina Solheim sine vegne. … Les videre

Publisert i OL i Beijing | 31 kommentarer

Gull igjen!

ANDREAS THORKILDSEN HAR IGJEN TEKE OL-GULL I SPYD! Han har ikkje teke del i mange konkurranser denne sesongen, men snakk om å tikke inn toppforma. Vil med dette gratulere Andreas og pappa Tomm. I tillegg heile friidretts-Noreg, konge og fedreland!

Publisert i OL i Beijing | 38 kommentarer

Nytt film-drama

  Medan handballjentene leika seg til gull i Beijing, var nervane nesten like høge i kringkastinga sin Oslo- redaksjon. Denne sju minutt lange filmen er eit historisk dokument, omtrent som Heyerdal sine reisefilmar. I hovedrollene: Unni Anisdahl, Pål Gordon Nilsen, … Les videre

Publisert i OL i Beijing | 13 kommentarer