Gamle synder

0-1 for Vålerenga er isolert sett ikkje så ille. Men det oslolaget me såg på Fosshaugane var ein bleik skugge av det som skal og bør vera eit topplag i Noreg. Difor var det litt vondt å sjå eit Sogndal som fall tilbake til gamle synder, utan kreativitet og samhandling og for det meste langballar og i for stor grad feil val.

Når nivået er litt for høgt for nyopprykka lag, blir det gjerne ein del uavgjortkampar, men gjerne ein del eittmålstap. Eg er redd me får oppleva ein del av det denne sesongen. Heime på Fosshaugane bør me (les: må me) ha poeng og helst alle tre mot ordinære lag som Viking og Vålerenga.  For betre er ikkje norsk toppfotball anno 2011. At trenarar og media snakkar om dårlege baneforhold får så vera. Eg trur alle norske trenarar gjer lurt i å vera meir ærlege og sjå nøye på ferdigheitene til spelarane og korleis desse kan utviklast.

I Sogndal er Freddie Butler spelarutviklar. Ein spennande sådan. Han trenar mange av dei unge i sogndalsmiljøet med stor entusiasme og fagleg høg kompetanse. Men i A-lagssamanheng vil ikkje trenarane ha noko med han å gjera. Forstå det den som kan. At han kan utvikla også vaksne utøvarar herskar det liten tvil om. Så kvifor ikkje, Aabrekk? Det me ser ute på bana vitnar om at det er litt av kvart å henta nettopp her. Og sogndalspelarane er ikkje åleine. Norsk toppfotball, og sjølvsagt ungdomsfotballen skrik etter ferdigheiter, basisferdigheiter.

Spissproblematikken er heftig debattert i Sogndal. Naturleg nok. Eg håpar namn som Ørjan Hopen, Kristian Opseth, Oddbjørn Skartun, Ruben Holsæter og Stefan Aase er namn som vil prega den framtidige lagoppstillinga hjå Sogndal. Tek me med Gøran Wigum som no har spelt seg til fast plass i Kongsvinger, er det grunn for Sogndal til å tenkja framtid og sjå mulegheiter!

Komande helg er det landskamp. Så er det duka for erkerival Brann på Stadion fredag 10. juni. Eit Brann utan Ojo og Austin. Det betyr eit kraftig svekka Brann og desto større poengsjanse for Sogndal. Større sjanse enn kva Noreg har i Portugal vil eg tru.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Asker er grei skuring

Mange vil sikkert sei det. Og sjølvsagt skal Sogndal banka det nyopprykka Adecco-laget i 3. runde. Om det er spissane eller andre som lagar mål spelar mindre rolle. Det handlar både om presitsje og pengar, og eg er sikker på at me får sjå svoltne og aggressive sogndalsspelarar som vil opp og fram i cupen. Laget har rett og slett mykje å spela for, og er i dytten som det heiter på idrettsspråket.

Første gong Sogndal var i 3. runde møtte laget den tapande cupfinalisten, Mjøndalen. Året var 1968, og Asbjørn Sjøthun si redusering til 1-2 kom litt for seint til å trua bruntrøyene den gongen. Lag frå Sogn og Fjordane var ikkje vant med slikt den gongen, sjølv om Jotun yppa seg kraftig mot Frigg i 1965, også oslolaget tapande cupfinalist etter to omkampar mot Skeid. Jotun spela 1-1 på Bislet, og burde vunne. Diverre måtte jotnene gje tapt 0-2 i Årdal. Tornado prøvde seg i 3. runde mot Hødd i 1973, men det vart 0-4. No er det Erik Sandal og Hødd sin tur til å vera utfordrarar når storebror Aalesund kjem på besøk. Trenar Lars Arne Nilsen med fortid i Sogndal ser nok sjansen til ei cupbombe på Høddvoll!

Asker er eit nytt bekjentskap på Fosshaugane. Sogndølene reiste til Føyka i Asker så tidleg som i 1960 og Johan Johannessen og Co fekk 0-3 i sekken i treningskampen den gongen. I kveld føler eg meg trygg på at Aabrekk sine disiplar set farten opp frå start og sikrar 4. rundebilletten. Med vinnarskallar som Kenneth Udjus, Mats Solheim, Even Hovland, Elvis og Ole Jørgen Halvorsen i spissen får  Gaute Larsen sitt mannskap ein travel kveld på «haugadn». Med siger er Sogndal halvvegs til Ullevål.

Og når sommarsola snur i juni er ein ny spiss på plass. Trond Fylling jaktar intenst og har spennande namn på blokka!

Men i kveld trur eg trioen Cato Hansen, Espen Olsen og Ulrik Flo fiksar avansement til 4. runde. Tida vil visa om Vålerenga framleis er det einaste tippeligalaget som er utslegne av cupen.

Publisert i Ukategorisert | 6 kommentarer

Trolldom på Fosshaugane

Først Stabæk, så Lillestrøm. Ikkje akkurat smågutelag nokon av dei. Og for nokre scoringar! Sogndal har funne vinnarmelodien. Mats Solheim sitt mål var som ein Concorde frå det som ein gong var ein Fornebu flyplass. Og Ole Jørgen Halvorsen si forsering med avsluttande knallskot i hjørnet etter 50-metersløp mot Lillestrøm var heilt enormt.

Kva har skjedd sidan Viking-kampen då spelarane ikkje såg ut til å ha tru på at det gjekk an å vinna, og ikkje såg seg tid til å spela ball seg i mellom? No har me sett eit lag med defensiv struktur og tryggleik bakover, men også med solid offensiv tenking i hovudet og mot til å angripa. I tillegg ein roleg, men bestemt og klokkeklar trenar Aabrekk på sidelinja. Ein liten revolusjon på nokre få dagar. Fotball er sanneleg eit merkeleg og fascinerande spel! 

Trampeklapp og stormande jubel etter 2-0 over Lillestrøm var heilt fortent og ekstra kjekt. Forsvarssekken var snøra att, som han har vore i fleire kampar. Men no såg me også gode kombinasjonar, gode løp, men først og fremst ein enorm vilje til å vinna, vera først på ballen og visa at her skal det bli vanskeleg for dykk, Kanarifuglar! Det er denne vinnarviljen og fandenivoldske gløden som har vore varemerket til Sogndal i alle år. Kenneth Udjus er eit funn, med stoff i seg til å bli den beste keeperen me har hatt på Fosshaugane. Even Hovland er på veg tilbake i sjefsrollen, kompromisslaus. Per Egil Flo og Isak Scheel har vakse til gigantar sentralt i sogndalforsvaret. Elvis og Henrik Furebotn legg ned eit voldsomt arbeid med store arbeidsområde. Dette saman med eit LAG som vil og vågar.

Alt saman berre å gle seg over. Sogndalspelarane ser no at dei er minst like gode som sine meir meritterte og omtalte kollegaer blant det som skal vera topplaga i Noreg. Så kan ein alltids lura på kva norsk toppfotball eigentleg står for. Trenarar som Åge Hareide, Martin Andresen, Janne Jønsson, Dag Eiliv Fagermo og Henning Berg har ikkje all verda mykje å slå seg på brystet for. Heilproffe spelarar av det kaliberet desse rår over skulle vel borga for meir kvalitet enn det me har sett?  

Nok om det. Det gledelege no er at Sogndal har vist at det går an å ta opp kampen mot dei store. Fotball handklar mykje om mentale prosessar og samhandling. Det som har skjedd den siste veka gir håp om langt betre tider på Fosshaugane.

Tottenham sitt motto er «To dare is to do».  Nike brukte i si tid «Just do it». Det er nettopp dette Sogndal har gjort mot Stabæk og Lillestrøm. Måtte det halda fram.

Det er von i hangande snøre!

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Spissar utan målteft

Spissane til Sogndal scorar ikkje mål. Ikkje ein gong i cupkampen mot Fyllingen frå 3. divisjon makta Ulrik Flo, Cato Hansen eller Espen Olsen kunststykket å scora. I tippeligaen er det berre Ole Jørgen Halvorsen og Eirik Bakke som har funne vegen til nettmaskane.

Fortel dette at Sogndal har ubrukelege spissar? Neppe, det har like mykje med det faktum å gjera at nivået i tippeligaen er i tøffaste laget for ein del spelarar, og ikkje minst at Sogndal har spela ultra-defensivt og med alt for lite tru på eigen styrke i mange av kampane. Siste kampen mot Viking er det grellaste eksemplet. To einslege svaler på topp blir for tynt mot garva tippeligaspelarar.

Det er eit fordømt faktum i fotball at det kun er tabellen som fortel sanninga. Og i dag ligg Sogndal på sisteplass med færrast scora mål. Laget er gjerrig bakover, som ei følgje av at trenar Aabrekk har lagt ein strategi som demmer opp for dei verste angrepsbølgjene.

Men om laget kan tillata seg å opptre som mot Viking er vel heller tvilsamt. Kanskje i vanskelege bortekampar som mot Stabæk og Rosenborg i komande veke. Men aldri heime på Fosshaugane! Då blir det snart folketomt på tribunane. Og like få mål.

Sarpsborg 08-trenaren har gjeve klart uttrykk for at dei spelar sitt eige spel, uansett. Ei ambisiøs målsetjing, på grensa til naivt vil nokon seie. Men også veldig fair og positiv-tenkjande. Sogndal bør ha den same innstillinga, spesielt på heimebane. Same kva spelarar som er til disposisjon. Betre er ikkje nivået i tippeligaen, med svært få unnatak.

Den komande veka vil gje oss mange svar på korleis denne sesongen vil arta seg for dei svarte og kvite. Det som har gledd meg mest til no i år, er dei unge spelarane sin flotte innsats. Namn som Gustav Valsvik, Isak Scheel, Mats Solheim, Eivind Daniel Røed og Ørjan Hopen har imponerte i fleire av kampane. No gjenstår det å sjå om dei etablerte hevar seg og syner at dei er klar for nivået. Me snakkar om profesjonelle spelarar det er lovå stilla krav til.

Det hastar, skal Sogndal ha nokon som helst sjanse til eit liv i tippeligaen.

Toppfotballen kan vera brutal og nådelaus. Sjølv i Noreg.

Publisert i Ukategorisert | 4 kommentarer

Langt til Ullevål

Saga mot Sogndal, det skal vera klasseskilnad uansett. Om cup er cup aldri så mykje. Rett nok har Sogndal kjempetrøbbel med å laga mål i tippeligaen, men mot Saga vil sjansane koma i hopetal. Vonleg mange nok til at Ulrik Flo, Cato Hansen og Espen Olsen kan få litt av godfølelsen att. Om dei klarar å ta det med seg opp att i tippeligaen, får me først svar på når Åge Hareide sitt Viking, også dei i trøbbel, kjem til Fosshaugane for TV-kamp neste måndag.

Statistikken syner at tre sogndalsspelarar har laga fire mål i ein og same cupkamp, Johan Johannessen, Kurt Mørkøre og Kristian Ystaas. Kanskje blir denne lista forlenga i dag?

 

Sogndal har trøbla i 1. rundekampar tidlegare. Seinast då Stryn vann 1-0 i 2007. Endå meir forsmedeleg var tapet for Eid i 1980 då tanksenter Arve Torheim senka sogndølene 3-2 på Fosshaugane. Eitt av dei 12 tapa Sogndal har opplevd i første runde sidan dei kom med første gong i 1959.

I dag er det grunn til å gratulera Saga med dagen. 1. ma er arbeidarane sin dag, og Saga-spelarane skal få jobba hardt viss dei skal makta å detonera cupbomba. Ho plar smella ein eller annan stad, så kanskje i Førde…….?

I alle fall er det ein historisk fotballkamp me blir vitne til. Førde viste i fjor at det går an å skapa trøbbel for Sogndal. I kveld er det opp til Saga å kopiera dette. Vegen til Ullevål startar i dag.

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Vanskeleg målarjobb i vente

Sogndal gjer seg klar til å fargeleggja Color Line stadion. Ikkje den lettaste målarjobben, men å slå Kjetil Rekdal og hans menn må jo vera noko av det kjekkaste som finst! «Reka» har vore ute med kjeften overfor Sogndal ved fleire høve, så kom igjen karar. Ta utfordringa!

 

Ein annan som var ute med kjeften etter kampen påa Fosshaugane, var Per Andreas Høgmo. Å uttala at Fosshaugane var ubrukeleg som fotballarena, er ei heilt vanleg messing frå trenarar for store bylag som nærast blir sjokka når dei opppdagar at også Sogndal kan spela fotball. Og vanlegvis er jo underlaget likt for begge lag, eller?

 

Slike utfall kan du spara deg for, Mr. Høgmo. Me har høyrt leksa før, og de er like dumt kvar gong. Det verste med slike utspel er når dei kjem frå «gutta» i NFF sin indre trenarsirkel. For der er Høgmo. Og det er allment kjent at majoriteten av trenarar, og leiarar, i toppklubbane helst vil ha vekk små distriktslag som Sogndal. Det er langt og tungvint å reisa dit, og merksemda er langt større når ein møter dei store bylaga. Aller verst er det når dei store ikkje maktar å slå dei små!

 

For Sogndal sin del er det smått med scoringar. Difor vart laget straffa også mot Tromsø. Trioen Ulrik Flo, Cato Hansen og Espen Olsen er diverre langt frå der dei må vera viss Sogndal skal ha ein sjanse til å overleva. Mats Solheim storspela då han endeleg kom på bana att. Han er den heilt klart mest målfarlege i Aabrekk sin tropp, og kjem alltid i gode posisjonar og til sjansar same kvar du plasserer han på bana. Kanskje ein ide å flytta han i fremste rekkje, Aabrekk?

 

Så til eit anna merkeleg fenomen i fotballen. Cecilie Berg-Hansen er ein utmerka analytikar og kommentator i TV2-ruta. At ho blir kritisert, og nærmast sjikanert, fortel det meste om dei som frontar den. Tenk at eit kvinnfolk kan ha peiling på fotball!

 

Ikkje mykje fagleg innhald i den kritikken!

 

Og eg har ein sterk mistanke om at dei same kritikarane har ei like klar og negativ haldning til damefotball.

 

Stao Pao, Cecilie. Du er flink og eit nytt, friskt pust i Davy Wathne-land!

 

Til Sogndal og Harald Aabrekk sine menn – Stao Pao de og. Poeng i bortekampar er gull verdt.

Publisert i Ukategorisert | 6 kommentarer

Da står i statistikken……

Det blir topp mot botn. Tromsø mot Sogndal på Fosshaugane ser ut til å vera rått parti. Men stitstikken fortel noko heilt anna. Berre eitt tap på 10 kampar og 6 sigrar. Til å bli optimist av!

Men, den heimkomne, Eirik Bakke har ikkje fått fart på korkje seg sjølv eller medspelarane. Sogndal famlar så langt litt i blinde. Det blir skapt svært få målsjansar, og til dels dumme feil framfor eige mål får konsekvensar langt større enn på nivået under.

Dette visste både spelarar og trenar før sesongen starta. Difor er det litt merkeleg at Harald Aabrekk sine disiplar er så lite førebudde på livet i tippeligaen. Det er ikkje akkurat noko bombe at Øyvind Hoås er ein god spelar. At han får briljera som han gjorde på Sarpsborg stadion søndag, kan umogeleg vera ein del av slagplanen. Leikestove var det vel ikkje, men svært nær. Kvifor det?

 Ser ein på statistikken er dei tre opningstapa en kopi av 1989-sesongen som enda med dunder og brak, frustrasjonar og soleklart nedrykk. Det same vil skje i år viss ikkje motgangen snur, og det raskt!

Kven som spelar i dei ulike posisjonane er relativt uinteressant. Sogndal har den spelarstallen dei har. Eg trur det handlar mest om å bryta nullen og få sjølvtillit nok og tru på at det faktisk nyttar. Det  er sesong nummer 13 på øverste nivå for Sogndal.  Så langt lever det opp til alt det negative stemplet dei fleste har til talet.

Likevel, fortvil ikkje.  På Fosshaugane har Sogndal ein av dei beste heimestatistikkane uavhengig av motstandar. Sjå berre:

10 kampar:  6 sigrar – 3 uavgjort – 1 tap. Målskilnad: 18-12.

Ta med cupkampen i 1997 der Sogndal vann 5-0.

Dette må vera den glade påskebodskapen når spelarane entrar bana palmesøndag kveld.

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Lange, flate ballar……

I fotballfylket Østfold likar dei lange flate ballar på vingane. For Sogndal er det uansett viktig at han rullar rette vegen i morgon. Poenglaus tilstand er tøff å leva med, og det er eit uomtvisteleg faktum at Sogndal MÅ ha poeng i denne kampen. Viss ikkje trur eg det blir blytungt å komma opp av hengjemyra.

Å snakka om krise i fotball er i overkant. I alle fall viss ein har eit visst perspektiv på sporten. Situasjonen er likevel alvorleg nok for Sogndal. Så lenge nullen lyser mot deg, aukar presset på spelarane fort og brutalt. Det er den nye kvardagen i tippeligaen.

Sarpsborg 08 har vore ei plage for Sogndal dei siste åra. Men viss ikkje Eirik Bakke og Co er på nivå med sarpingane, er det grunnlag for alvorsprat og analyse av kva som har skjedd sidan 2-0 mot FFK og opprykksfeiring i fjor haust.

Harald Aabrekk skifta formasjon mot Odd Grenland. Eg trur ikkje det var den viktigaste grunnen til 1-4. Me såg likevel ein strategi som ikkje fungerte. Eit LAG i utakt. Kvifor?

Er det for få spelarar som held tippeligastandard? Spelte laget for lite kynisk? Er spelemønsteret rett og slett for lite fasttømra og variasjonen for liten? Var spelarane for feige? Var spenningsnivået for høgt hjå for mange?

Eller er Sogndal anno april 2011 ikkje på det nivået dei må vera?

Mykje av svaret får me i Sarpsborg søndag kveld. Klubben med gode fotballnamn som Kai Kjønigsen, Finn Johansen, Kolbjørn Nilsen, Knut Spydevold og Harry Kure. Sistnemnde velkjend i «Harry Kure, Sarpsborg tar Corner», fast spalte i humorbladet «KoNk» på slutten av 1960-talet. Og Harry-guten kunne kunsten å skru hjørnespark rett i mål.

Kanskje humor er eit våpen for Sogndal-suksess i Østfold? Gravalvor og tungsinn nyttar i alle fall ikkje mot duoen Hoås/Wiig. Sogndal har alt å vinna, svært lite å tapa.

Stao Pao! Veit de kva det betyr?

Ver klar når ballen rullar,  når toget og fløyta går!

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

For enkelt og veikt

1-4 heim mot Odd Grenland er stygge siffer. Men det såg lyst ut då Eirik Bakke dundra ballen i mål frå nær daud vinkel sekundar før pause. Sogndal og dei vel 3000 på tribunane fekk trua på at det kunne bli siger mot Odd Grenland, som ikkje hadde vist spesielt spreke takter. Joe Bendik var merkeleg passiv på Børven-frisparket etter berre to minutar. Men her og no var det gløymt.

Les videre

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Maol! Maol!

Ein av dei mest ihuga Sogndal-supporterane veit å gje lyd frå seg når Sogndal har hjørnespark eller frispark i god posisjon. Maol! Maol! ljomar ut over stadion. Mot Odd Grenland bør han få med seg godt og vel 3000 på tribunane når Ulrik Flo og Co skal prøva å overlista Odd Grenland-keeperen. For no handlar det om å laga mål og skaffa dei tre første poenga! Utruleg viktig. Les videre

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar