Brann-sløkkjing på Fosshaugane

Ja, kanskje kan Sogndal sløkkja Brann endå ein gong. Ikkje heilt uvanleg heime på Fosshaugane. Av dei 11 spelte tippeligakampane mellom klubbane har Sogndal vunne sju av dei. Så kvifor ikkje i morgon når Piotr Leciejewski og Lars Grorud møter «sine eigne»?

Sogndal mot Brann har alt som skal til for at det skal bli underhaldande og eit fotballdrama slik alle ønskjer. Frå den første NM-kampen på Stadion i 1960 med Kniksen og Erling Hillestad, far til Asle i hovudrollane til cupdramaet på Stadion i sommar der Brann hadde både flaks og ein straffereddande ekspert i Piotr Leciejewski. Mange og harde «slag» har vore utkjempa.

Sogndal viste påLerkendal at laget har teke mange steg i retning dei store og etablerte i norsk toppfotball. Fylkeslaget vårt, med 7-8 frå fjordfylket møter gjerne lag med minst like mange utlendingar på laget. Slik sett er det ein formidabel prestajon av Sogndal viss laget skulle makta å fornya kontrakten i tippeligaen. Nokon vil seia naturstridig. Men som kjent, i dette fylket har me vist i fleire samanhengar at me kan når me vil. Å stå saman mot overmakta. Mot dei som er større og betre enn oss. Det gjeld å vera litt smart, men også å ha trua.

Det er grunn til å vera stolte folkens! Møt opp på Fosshaugane og kjenn på den gode følelsen når Brann får svi i morgon. Ulrik Flo fekk nettkjenning på Lerkendal, Ørjan Hopen kjem inn att og Even Hovland er i storslag. Eller kanskje jokeren heiter Tore André Flo?

Dette blir intenst. Fotball skal kjennast på kroppen, og Sogndal-Brann kan vera tøft nok også frå sidelinja! Av alt det uviktige i verda, er fotball det viktigatse, var det ein kjend fotballeiar som sa. Moro blir det uansett. Stao Pao, Sogndal.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *