Lukkebana Åråsen

At Sogndal sler Lillestrøm 3-0 på Åråsen får fram mange superlativ frå ekspertisen. Til og med Ivar Hoff skamrosar dei rosakledde for taktisk klokt spel.  Fortent nok, og det viser kva som bur i dette sogndalslaget. Ørjan Hopen var igjen frampå med scoring og assist, medan gode «gamle» Eirik Bakke styrte skuta frå «broen». På bana  der han debuterte i eliteserien som 16-åring i 1994. Faktisk er Åråsen ei lukkebana for Sogndal med fleire sterke sigrar.

Det har vore nemnt før, og det toler å bli oppattteke. Dette mannskapet har stoff i seg til mange års tippeligaspel. I sluttminuttane skulle også Ruben Holsæter få sin sogndaldebut. Men dommaren blåste av litt tidleg, så debuten må venta for førdianaren.  Kjenner eg Harald Aabrekk rett, så blir det ikkje lenge før Ruben får føling med tippeligaen, kanskje alt mot Aalesund.

Det som imponerer aller mest etter ein rufsete start på sesongen, er det kollektive spelet. Ein for alle og alle for ein. Det har alltid vore Sogndal sitt sterkaste våpen. Og sentrallinja med Udjus, Hovland, Elvis og Bakke er det ikkje så mange lag som matchar. Mellom desse spring unge og framstormande spelarar, svoltne på suksess og med sterke ønskje om å visa seg fram.

Igjen fekk eit sjokkert Åråsen-publikum sjå Sogndal på sitt beste: taktisk kloke, suverene i det kollektive forsvarsspelet, og med meir enn gode nok angrepsvåpen til å senka Henning Berg sine disiplar. Harald Aabrekk fortener rosebukett etter denne sigeren og det han har utretta med laget. Det pussige er at fleire LSK-trenarar har fått fyken etter å ha tapt for Sogndal på Åråsen. Berg sit nok trygt framleis, men tapet svir kraftig for Kanarifuglane. Sogndal gjorde det igjen. La Romerike for sine føter!

Tenk for ein haust det blir på Fosshaugane når Aalesund, Brann, Strømsgodset, Stabæk og til slutt Molde kjem på besøk. Det blir fest, drama, fortviling, men vonleg mest glede, seiersrus og fornya kontrakt.

Dette blir moro. Gjer dykk klare folkens. Det varer heilt til advent!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *