Rykk fram til START

Dei fleste av oss kjenner Monopol-spelet. Å rykkja fram til start betyr ekstra bonus og gode mulegheiter for «nye kjøp». Slik blir det for Sogndal når Mons Ivar Mjelde sitt Start kjem til Fosshaugane søndag. Mjelde kan nesten reknast som «halvt sogndøl» med hytte i Sogndalsdalen og viktig bidragsytar som han var for Sogndal i 2001-sesongen.

Å rykkja fram har ei offensiv haldning i seg. Det må Even Hovland og Co ha til årets kanskje viktigaste kamp. Siger og tre poeng vil trykkja sørlendingane skikkeleg ned i gjørma og truleg senka dei for godt. Seks poengs forsprang blir vondt å henta inn for dei gul-svarte.

Det er godt med folk på Sogndal sine treningar for tida. Ein sprek veteran-duo, Eirik Bakke og Tore André Flo i bresjen for ei rekkje unge, framstormande spelarar gir von om å klara plassen i tippeligaen. Difor blir det folkefest søndag, for no er også meir enn 3000 studentar og skuleelevar på plass, noko som vil setja sitt preg på tribunane.

Den rekordlange sesongen går inn i ein særs avgjerande periode. Nivået i årets tippeliga er ujamt, for å seia det pent. For Sogndal er nedrykkskamp ikkje noko nytt. Slike fenomén er langrt verre å takla for meir meritterte og større klubbar. Her ligg Sogndal sin store sjanse.

Aalesund, Brann, Strømsgodset, Stabæk og Molde er gjestande lag på Fosshaugane utover hausten, og fleire av desse må kneblast. Så gjeld det å stela flest muleg poeng i bortekampane mot Lillestrøm, Viking, Fredrikstad, Tromsø og Odd.

Haustjakta krev fininnstilt sikte og god teft!

Det har vore stille på trenarfronten i Sogndal. Får me snart sjå Harald Aabrekk sin etterfølgjar? Den som følgjer med får sjå.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *