Meir jubel – trass i tap

Det vart 0-4 og eit audmjukande tap i Haugesund. Sogndal fekk oppleva det som FKH-trenar Jostein Grindhaug så forløysande og forbaska enkelt har uttalt:

— Taktikk er sterkt overdrive. Det er berre å peisa på utpå der!

Det er grunn til å jubla for ei slik innstilling til spelet. Og er det noko FKH-spelarane gjer på si heimebane, så er det nettopp å peisa på. Sogndal vart møtt av ein angrepsflaum dei seint vil gløyma, men vonleg tek rask lærdom av. Stao no Pao har mykje til felles med Peis Pao. Sogndal har vist at det går an, heime mot Lillestrøm, Sarpsborg og Rosenborg. Og i cupkampen mot Brann på Stadion. Tapet for FK Haugesund må brukast på rette måten, og «lua i handa»-mentalitet må me sleppa å sjå igjen. For slik verka det på onsdag.

Jubel går og til Strømsgodset og Ronny Deila sitt regime. Der boltrar unge, lovande spelarar seg og viser på mange måtar ein unorsk måte å spela på. Teknikk, hurtige ballvekslingar og stor bevegelse. Angrepsbølge på angrepsbølge mot Athletico Madrid vitnar om ein ny skule i norsk toppfotball. Sjå og lær, unge fotballspelarar og norske trenarar!

Dette kan me få til i Sogndal og. Som nemnt før, årets mannskap er noko av det mest løfterike me har hatt på mange år. Nokre manglar er det, og nytt blod må inn. Men over tid kan det byggjast eit framtidig topplag med base i Sogndal. Eit ekte fylkeslag med gode innslag frå fotballverda utanfor.

Lagoppstillingane i Haugesund fortel noko om fotballkvardagen i Sogndal. FK Haugesund stilte med 7 utanlandske spelarar, medan Sogndal mønstra 7 frå vårt eige fylke. Ein viss skilnad, men uansett inga årsaking for 0-4. FKH og Jostein Grindhaug har gjort eit imponerande arbeid dei siste 3-4 åra og møtt tippeligaen med offensiv fotball og angrepsvilje, særleg på heimebane.

Dette kan Sogndal kopiera. Kanskje ikkje så lett mot Vålerenga på Ullevål søndag. Men sjansen til poeng er avgjort innan rekkevidde mot litt slitne VIF-spelarar etter exit frå europacupen. På Oddsen står Sogndal med rekordhøge 8 for bortesiger. Det minner meg om 1988-sesongen då ein ikkje ukjent Dagblad-journalist med hjarta i Vålerenga, tippa «Enga» som 100% sikker vinnar. Lett match.

Kampen enda 1-1 etter Asle Hillestad-scoring og med eitt blad Hopen på bana, Torbjørn den gongen. Søndag er det Ørjan sin tur, med ein utsøkt venstrefot. Kanskje er det din tur til å sjokkera den sigersikre Klanen? Ingen ting smakar betre enn å klå dei store i deira eiga leikegrind!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *