Overgangshysteri

Det er hektisk, og for nokre lag panisk stemning for tida. Spelarar kjem og går, pengekarusellen ser ikkje ut til å stoppa, trass i magre tider for mange av dei involverte.

Også Sogndal er på marknaden med von om gode kjøp til rimeleg pris. Og namn som Even Hovland og Ole Jørgen Halvorsen er naturleg nok spennande for andre enn Sogndal. I dette ligg og ein fare. Som då Even Hovland var på besøk hjå Manchester United, eller når Ole Gunnar Solskjære står fram med solidox-smilet og vil ha midtstopparen til Molde for ein spottpris. Du skal vera klar i toppen og vera flink å halda fokus på treningsarbeidet i din eigen klubb med slike beundrarar! Even har takla det svært bra.

Ole Jørgen Halvorsen har gjort mykje bra for Sogndal i årets tippeliga, og takk for det! Både driblingar og scoringar har 24-åringen bidrege med. Slikt blir det jakta på i fotballnorge. Men pass på Ole Jørgen, ikkje la beundrarane ta fokuset bort det som er det viktigaste for deg og Sogndal i haust – LAGET!

Skal flaggskipet vårt halda stø kurs i eit vanskeleg farvatn denne hausten, er det ein for alle, alle for ein som er nøkkelen. Det har vore Sogndal sitt beste våpen i alle år frå det første opprykket i 1965 og seinare det som skjedde på 70-talet og framover. Og må framleis vera det. Difor er spelarar som Mats Solheim, Isak Scheel, Elvis og Cato Hansen så viktige i årets mannskap. Alltid oppofrande, positive og med ei offensiv haldning til spelet. Lagspelarar både i trening og kamp.

Cato Hansen har fått pepar, og lenge lurte eg på kva denne mannen kunne utretta for Sogndal. Scoring har det ikkje blitt til no. Men Cato -søndag reiste eg meg og jubla då du takla ein RBK-spelar ut over sidelinja etter eit 50 meters returløp! Du ofrar alt for laget, og det skal du vita at me set pris på! Du målber det flotte slagordet «Stao no Pao» på ein utmerka måte. Det vil gje resultat.

Med Tore André og Eirik som superveteranar skal LAGET Sogndal kjempa for eksistensen. Det blir ein haust med neglebiting og høg puls for mange. Alt i kveld er det utfordring stor nok mot FK Haugesund!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *