Ei ny tid

Fotballen rullar att. Etter den forferdeleg hendinga i Oslo sist veke, kan me igjen retta blikket framover og gle oss over idrett på alle plan. Lett er det ikkje, men når Norges store fotballag dei siste åra, Rosenborg kjem på besøk til Sogndal, er det ei perfekt ramme som ventar spelarar og publikum.

Fosshaugane Campus er fullført, alt ligg til rette for ei feststund der fotballen har fokus. 66 år er gått sidan dei første spadtaka vart tekne på Fosshaugane. I dag kan truleg kring 5000 tilskodarar innta eit av dei mest moderne fotballanlegga i landet. Det er stort for vesle Sogndal og fortel noko om kva som har skjedd i fotballbygda dei siste tiåra.

På mange måtar er det ei ny tid for sogndalsfotballen me no går inn i. Mange nye spelarar er på veg inn, dei siste er Ruben Holsæter frå Førde og brørne Stefan og Peter Aase frå Florø. Spennande typar som kan vera med og forma fylkeslaget Sogndal i åra som kjem. Endeleg er også Florø SK med på fotballkartet. Det er på tide!

Harald Aabrekk er inne i sin siste periode som trenar i Sogndal. Saman med Øyvind Nilsen er han den einaste som har ført klubben til tippeligaen to gonger i trenarkarrieren. Det står det respekt av. Om han maktar å halda laget over nedrykksstreken denne sesongen, står att å sjå. Den nye trenaren som kjem i 2012 vil uansett disponera eit spennande mannskap, med kanskje det største potensialet laget på Fosshaugane nokon sinne har hatt.

Det nye Sogndal vil ha typar som nemnde Ruben Holsæter, brørne Stefan og Peter Aase, Gustav Valsvik, Ørjan Hopen, Thomas Ness, Isak Scheel, Eivind Daniel Røed, Vegard Gjermundstad samt «veteranane» Mats Solheim, Per Egil Flo, Ulrik Flo og Henrik Furebotn som stammespelarar. I keeper Kenneth Udjus har Sogndal etter mitt syn ein av dei beste i landet, kanskje ein framtidig landslagskeeper.

Sogndal som klubb vil uavhengig av Tippeliga- eller Adeccoligaspel stå i ei særstilling i norsk toppfotball. Eit topp moderne anlegg og alle tenkjelege treningsfasilitetar samt ein økonomi under kontroll. Det er det ikkje mange klubbar som matchar. Utfordringa blir å henta dei to-tre forsterkningane utanfor fylket, dei som gjev laget den ekstra løften som gjer Sogndal til eit  tippeligalag. For at det er realistisk er det ingen tvil om.

I klubben finn me namn som Terje Skjeldestad, Håvard Flo, Tore André Flo og Eirik Bakke. Alle kapasitetar på sine område som vil vera med å løfta den nye generasjonen sogndalsspelarar saman med den nye trenaren. Og det er viktig at desse tek tak i talentutviklinga i klubben. Skal Sogndal igjen bli best i klassen her, må det skje ei utvikling og klar forbetring i klubben. Særleg talenta i eigen klubb må få den opplæringa som skal til for å forma ein toppspelar. Andre klubbar i fylket klarar det, så kvifor ikkje i Sogndal? Årets gutelag må tilbringa haustsesongen i 2. divisjon i fylket. Det høyrer ingen stad heime for ein klubb som Sogndal.

Laurdag kveld er det fest på Fosshaugane Campus. To klubbar, begge opprinneleg kledde i svart og kvitt, skal setja farge på kvelden. Det er grunn til å gle seg!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *