Kommentarer til: Fotballferie og realisme http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/07/08/fotballferie-og-realisme/ En blogg fra NRK Fri, 14 Oct 2011 18:25:10 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: Geir Frode Lunden http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/07/08/fotballferie-og-realisme/#comment-58 Fri, 15 Jul 2011 19:37:47 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=55#comment-58 Fotballferie og realisme? Spesielt det siste ordet, Jon. Me ligg på sisteplass og veit spelarane at me ligg der? På treningsfeltet skal ein leggje grunnlaget for korleis ein skal spela kampar etter Aabrekks sin fotballfilosofi. Då må ein og kvar Sogndalspelar jobba knallhardt for at samhandling og spelemønster sit akkurat nok til at me kaprar alle poenga heime f.k. sundag mot Sarpsborg 08. Spelarane kan også lukkast ved at me fyller opp Fosshaugane Campus. Då må også folk i Sogn og Fjordane gå på kamp! Me må laga trøkk. Her må publikum i Sogn og Fjordane rett og slett skjerpa seg! Det største teateret i fylket vårt har plass til godt over 5000 tilskodarar. Korleis skal me fylla opp tribunane? Eg veit at spelarane er skuffa over oppmøte på Fosshaugane Campus i år. Greit nok; me ligg sist sjølv om det er tett og jamnt på nedre halvleik av tabellen.

Så til spel og samhandling: Kvar er leiartypen i laget vårt? Eg ser han ikkje! Kapteinen på laget skal gå fram og styra laget i medgong og motgong. Ein Roy Keane-innstilling er det me manglar innad i laget. Ein som piskar og seier ifrå om me skal blø for drakti. Den kvite drakta skal behandlast med respekt og då må ein gje 100 % for laget sitt og supportarane. Med meir entusiasme og spelarar som ynskjer Tippeligaspel i 2012 så kan dette gå vegen. Me har ein kamp til gode, den får vera ein bonus til hausten men til dets må spelet sitja betre.

Med ein julimånad utan tap håpar eg også at Sogndal Fotball sèt foten ned og ordnar opp i «styret» rundt Even Hovland og evt. andre salsobjektar i laget. Eg stolar på at Egil Mundal og hans stab veit kva dei gjer. Me er trass alt i Tippeligaen. For me er vel ikkje der kun for å visa dei rosa draktene?`

Sarpsborg 08 står for tur sundag. Eg skal er klar til å ropa og klappa laget fram til siger. Ein god saft har ingrediensar av god kvalitet. Ein god supportar har ingrediensar med hjartet for klubben i kvitt og svart!

God kamp!

]]>