Kommentarer til: Tenk 2012 – og endå lenger http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/06/26/tenk-2012-og-enda-lenger/ En blogg fra NRK Fri, 14 Oct 2011 18:25:10 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: Svein http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/06/26/tenk-2012-og-enda-lenger/#comment-42 Mon, 04 Jul 2011 09:27:47 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=51#comment-42 Eg er heilt einig med deg i at Sogndal må tenkja framover og at betre ferdigheiter og satsing på yngre årsklassar er heilt sentralt. Det er nok å sjå på lag som Strømsgodset og Odd Grenland for to ulike filosofiar der Godset si satsing på unge talent ser ut til å bera frukter medan Odd/Fagermo sitt gammalmanns-opplegg ikkje ser ut til å lukkast.

Men eg er redd Sogndal må ta vegen nedatt i Adecco for å gjennomføra den nødvendige omlegginga. Det er vanskeleg å læra spelarar på 22 år og meir, betre basisferdigheiter. Det lærer ein lettast som ungdom. Slik sett er det veldig positivt at Tommy Øren er henta inn for utvikling av yngre spelarar.

Og la oss håpa at kunstgraset snart er på plass på Fosshaugane. Det er også ein føresetnad for å gjennomføra nødvendige endringar.

]]>