Smågutefotball

Når du gjer dumme feil på fotballbana, blir du straffa nådelaust. Cato Hansen og Kenneth Udjus var lovleg tidleg ute med julepresangane i år, for så dumme feil som dei presterte mot Brann er til å grina av. Slik opptrer til vanleg berre nervøse smågutespelarar.

Eit Sogndal som korkje kan eller vil angripa eit B-prega Brann fortener knapt nok poeng. Ein trøystelaus førsteomgang der spelarane heilt tydeleg hadde fått beskjed om å liggja lågt og aldri to sjansar, vart statistar og ga Brann all den plass dei trengte for å dominera. Kvar er vinnarvljen, vinnartypane og dei som kan signalisera at dei vil slåss for tre poeng?

Nei, Harald Aabrekk – det er lov å forsvara seg til eitt poeng på bortebane. Men eg er stygt redd for at mange av spelarane er så innpoda med defensive og feige holdningar, at det ikkje kan bli noko anna enn spede, nærmast ynkelege forsøk på angrepsspel. For i kveld møtte de slett ikkje noko tippeligalag av format. Ikkje i kveld heller.

Dette var ein flau forestilling som ikkje tener Sogndal til noko som helst ære. Det er tid for ein alvorsprat på kammerset. TV-bileta frå sogndalbenken fortalde i alle fall  meg at ikkje alt er som det skal vera i SIL-leiren. Det kan umogeleg fortsetja slik. Då er Sogndal nedrykksklar lenge før sommarferien. Diverre.

Kampen mot Haugesund komande torsdag blir faktisk vinn eller forsvinn! FKH-trenar Jostein Grindhaug sa dette etter 5-0 over Molde sist helg.

— Taktikk er oppskrytt. Det er berre å peisa på!

Tenk på den, Harald Aabrekk og Sogndal.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Smågutefotball

  1. Det er hardt å vera saftkokar for tida. Det vil seg ikkje for Sogndalslaget. Me var463 personar som løyste billett på bortefeltet i kampen mot Brann. Takkar til alle som møtte opp og me laga ein fantastisk god stemning. Dette bør me gjera på Fosshaugane òg!

    Kva med spelemønsteret i laget vårt? Sprikk det snart i spelegruppa? Kor lenge held dei ut med denne spelestilen til Aabrekk? Er det verkeleg slik den ser ut når dei spelar. Harald oppsummerar ofte etter kampane med: «Vi slit med dei offensive kvalitetene i laget. Dette må vi ta med i treningsarbeidet.» Harald, vert ikkje du òg utålmodig når du ser laget ditt opptre omtrent det same kvar serierunde? Du har nok dine stunder og tankar.

    Her må det bli tre kyniske poeng, Harald!

  2. Geir Frsode Lunden sier:

    Endeleg losna det mot Haugesund. Endeleg fann spelarane ut korleis den offensive delen av spelet skal føregå! Det var godt å sjå at laget kan levera slike kvalitetar i Tippeligaen. Utfordringa no er å prestere jamnt over tid. No står Molde for tur og eg trur fakttisk på festfotball søndag når TV2 Zebra sender kampen frå kl. 1600. Takk,, Harald og co.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *