Stille før stormen

Det har vore svært stille kring Sogndal og førebuingane til kampen mot erkerival Brann. Møtet med Stadion-spøkelset er tøft og vrient for mange, slik også for Sogndal. Men laget har vunne i løvens hule før, og kan gjera det igjen. Sjansen vil aldri bli større enn i fredagens oppgjer. Brann utan Austin, Mjelde og Ojo blir B for Brann i betydningen B-laget. Så her er det ingen grunn til å leggja seg tungt bakpå, Harald Aabrekk! Angriip var eit godt slagord for nokre år sidan. Ta det fram att og våg å sjokka Brann når dei er sårbare.

Med Lars Grorud , Piotr Leciejewski og Christian Kalvenes i Brann-drakt mot Eirik Bakke, Kenneth Udjus og Cato Hansen i svart og kvitt blir oppgjeret heilt spesielt. Prestisje langt over det som er vanleg, og for Sogndal vil ein siger over Brann på Stadion smaka ekstra godt uansett.

Når du har spelt spiss innpå 16 timar utan å laga mål, vil du før eller seinare «stå i vegen» slik at ballen går i mål. Gjett kva Cato Hansen drøymer om før møtet med sine tidlegare kompisar i Brann. Eirik Bakke gløymer heilt sikkert både ankel og lårskade, uansett. Her blir det kamp på kniven.

Best i Vest var slagordet i 1976, og svar på dette får me igjen, no på Brann Stadion. Gle dykk folkens!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Stille før stormen

  1. Stille før stormen, Jon? Du traff den bra der, gitt.

    Det kjennes på kroppen. Eg har gleda meg, eg har grua meg, eg har hatt denne kampen 24 timar i døgnet den siste veka. Det meste er klart. For på fredag går eg i Sogndalsdrakti på jobb. Ja, på arbeidsplassen snakkar dei meir om Sogndal enn Brann! Når Eirik tek med seg sine 10 menn utpå Brann Stadion skal me visa bergensarane at me har noko å fara med! Difor passar sitatet frå tidlegare formann i SIL, Ole Hågård så passande godt:

    «Me skal ut og slåss med feiaren utan å verta svarte!»

    God kamp! Møt opp på felt R/S på Brann Stadion fredag! Eg er der, kjem du?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *