Gamle synder

0-1 for Vålerenga er isolert sett ikkje så ille. Men det oslolaget me såg på Fosshaugane var ein bleik skugge av det som skal og bør vera eit topplag i Noreg. Difor var det litt vondt å sjå eit Sogndal som fall tilbake til gamle synder, utan kreativitet og samhandling og for det meste langballar og i for stor grad feil val.

Når nivået er litt for høgt for nyopprykka lag, blir det gjerne ein del uavgjortkampar, men gjerne ein del eittmålstap. Eg er redd me får oppleva ein del av det denne sesongen. Heime på Fosshaugane bør me (les: må me) ha poeng og helst alle tre mot ordinære lag som Viking og Vålerenga.  For betre er ikkje norsk toppfotball anno 2011. At trenarar og media snakkar om dårlege baneforhold får så vera. Eg trur alle norske trenarar gjer lurt i å vera meir ærlege og sjå nøye på ferdigheitene til spelarane og korleis desse kan utviklast.

I Sogndal er Freddie Butler spelarutviklar. Ein spennande sådan. Han trenar mange av dei unge i sogndalsmiljøet med stor entusiasme og fagleg høg kompetanse. Men i A-lagssamanheng vil ikkje trenarane ha noko med han å gjera. Forstå det den som kan. At han kan utvikla også vaksne utøvarar herskar det liten tvil om. Så kvifor ikkje, Aabrekk? Det me ser ute på bana vitnar om at det er litt av kvart å henta nettopp her. Og sogndalspelarane er ikkje åleine. Norsk toppfotball, og sjølvsagt ungdomsfotballen skrik etter ferdigheiter, basisferdigheiter.

Spissproblematikken er heftig debattert i Sogndal. Naturleg nok. Eg håpar namn som Ørjan Hopen, Kristian Opseth, Oddbjørn Skartun, Ruben Holsæter og Stefan Aase er namn som vil prega den framtidige lagoppstillinga hjå Sogndal. Tek me med Gøran Wigum som no har spelt seg til fast plass i Kongsvinger, er det grunn for Sogndal til å tenkja framtid og sjå mulegheiter!

Komande helg er det landskamp. Så er det duka for erkerival Brann på Stadion fredag 10. juni. Eit Brann utan Ojo og Austin. Det betyr eit kraftig svekka Brann og desto større poengsjanse for Sogndal. Større sjanse enn kva Noreg har i Portugal vil eg tru.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *