Asker er grei skuring

Mange vil sikkert sei det. Og sjølvsagt skal Sogndal banka det nyopprykka Adecco-laget i 3. runde. Om det er spissane eller andre som lagar mål spelar mindre rolle. Det handlar både om presitsje og pengar, og eg er sikker på at me får sjå svoltne og aggressive sogndalsspelarar som vil opp og fram i cupen. Laget har rett og slett mykje å spela for, og er i dytten som det heiter på idrettsspråket.

Første gong Sogndal var i 3. runde møtte laget den tapande cupfinalisten, Mjøndalen. Året var 1968, og Asbjørn Sjøthun si redusering til 1-2 kom litt for seint til å trua bruntrøyene den gongen. Lag frå Sogn og Fjordane var ikkje vant med slikt den gongen, sjølv om Jotun yppa seg kraftig mot Frigg i 1965, også oslolaget tapande cupfinalist etter to omkampar mot Skeid. Jotun spela 1-1 på Bislet, og burde vunne. Diverre måtte jotnene gje tapt 0-2 i Årdal. Tornado prøvde seg i 3. runde mot Hødd i 1973, men det vart 0-4. No er det Erik Sandal og Hødd sin tur til å vera utfordrarar når storebror Aalesund kjem på besøk. Trenar Lars Arne Nilsen med fortid i Sogndal ser nok sjansen til ei cupbombe på Høddvoll!

Asker er eit nytt bekjentskap på Fosshaugane. Sogndølene reiste til Føyka i Asker så tidleg som i 1960 og Johan Johannessen og Co fekk 0-3 i sekken i treningskampen den gongen. I kveld føler eg meg trygg på at Aabrekk sine disiplar set farten opp frå start og sikrar 4. rundebilletten. Med vinnarskallar som Kenneth Udjus, Mats Solheim, Even Hovland, Elvis og Ole Jørgen Halvorsen i spissen får  Gaute Larsen sitt mannskap ein travel kveld på «haugadn». Med siger er Sogndal halvvegs til Ullevål.

Og når sommarsola snur i juni er ein ny spiss på plass. Trond Fylling jaktar intenst og har spennande namn på blokka!

Men i kveld trur eg trioen Cato Hansen, Espen Olsen og Ulrik Flo fiksar avansement til 4. runde. Tida vil visa om Vålerenga framleis er det einaste tippeligalaget som er utslegne av cupen.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

6 kommentarer til Asker er grei skuring

  1. Nok ein cuprunde i kveld. Det skal vere skilnad mellom Sogndal og Asker. Asker har teke steget frå 2. divisjon og etablert seg «der oppe» i Adeccoligaen . Eg forventar at Sogndal køyrer på med sine beste hestekrefter og drep kampen tidleg med nokre mål. For me skal til fjerde runde!

  2. Tor Dølvik sier:

    Ønsker alle songninger lykke til og en god kamp. For oss bygdefolk fra Asker er det på tide med et cup-eventur, 60 år etter at Asker var i finalen på Ullevaal og tapte mot Sarpsborg eeo. Så vi håper det beste i jubileumsåret. Og vi var faktisk noen fra Asker som holdt med Sogndal i den legendariske finalen i 1976. Snart vår tur nå. Måtte det beste laget vinne på Fosshaugane i dag.

  3. Maia sier:

    jau, me ska banka! Me rykjo ned!!!

  4. arh sier:

    Spissane er sikkert gode nok som dei er i Sogndal, ein trenar som har råd til å vrake Tommy Øren må jo ha mange gode spissar i troppen sin. Det hjelp lite om Fylling dukkar opp med ein magisk ivorianar i juni.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *