Trolldom på Fosshaugane

Først Stabæk, så Lillestrøm. Ikkje akkurat smågutelag nokon av dei. Og for nokre scoringar! Sogndal har funne vinnarmelodien. Mats Solheim sitt mål var som ein Concorde frå det som ein gong var ein Fornebu flyplass. Og Ole Jørgen Halvorsen si forsering med avsluttande knallskot i hjørnet etter 50-metersløp mot Lillestrøm var heilt enormt.

Kva har skjedd sidan Viking-kampen då spelarane ikkje såg ut til å ha tru på at det gjekk an å vinna, og ikkje såg seg tid til å spela ball seg i mellom? No har me sett eit lag med defensiv struktur og tryggleik bakover, men også med solid offensiv tenking i hovudet og mot til å angripa. I tillegg ein roleg, men bestemt og klokkeklar trenar Aabrekk på sidelinja. Ein liten revolusjon på nokre få dagar. Fotball er sanneleg eit merkeleg og fascinerande spel! 

Trampeklapp og stormande jubel etter 2-0 over Lillestrøm var heilt fortent og ekstra kjekt. Forsvarssekken var snøra att, som han har vore i fleire kampar. Men no såg me også gode kombinasjonar, gode løp, men først og fremst ein enorm vilje til å vinna, vera først på ballen og visa at her skal det bli vanskeleg for dykk, Kanarifuglar! Det er denne vinnarviljen og fandenivoldske gløden som har vore varemerket til Sogndal i alle år. Kenneth Udjus er eit funn, med stoff i seg til å bli den beste keeperen me har hatt på Fosshaugane. Even Hovland er på veg tilbake i sjefsrollen, kompromisslaus. Per Egil Flo og Isak Scheel har vakse til gigantar sentralt i sogndalforsvaret. Elvis og Henrik Furebotn legg ned eit voldsomt arbeid med store arbeidsområde. Dette saman med eit LAG som vil og vågar.

Alt saman berre å gle seg over. Sogndalspelarane ser no at dei er minst like gode som sine meir meritterte og omtalte kollegaer blant det som skal vera topplaga i Noreg. Så kan ein alltids lura på kva norsk toppfotball eigentleg står for. Trenarar som Åge Hareide, Martin Andresen, Janne Jønsson, Dag Eiliv Fagermo og Henning Berg har ikkje all verda mykje å slå seg på brystet for. Heilproffe spelarar av det kaliberet desse rår over skulle vel borga for meir kvalitet enn det me har sett?  

Nok om det. Det gledelege no er at Sogndal har vist at det går an å ta opp kampen mot dei store. Fotball handklar mykje om mentale prosessar og samhandling. Det som har skjedd den siste veka gir håp om langt betre tider på Fosshaugane.

Tottenham sitt motto er «To dare is to do».  Nike brukte i si tid «Just do it». Det er nettopp dette Sogndal har gjort mot Stabæk og Lillestrøm. Måtte det halda fram.

Det er von i hangande snøre!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Trolldom på Fosshaugane

  1. Svein Lillebø sier:

    Eliteserien er den dårlegaste på fleire år. Å skrekk og gru når ein skal ut i Europa med dette – det blir slakt an mass!!
    Sarpsborg har tilsynelatande spelt sitt eige spel og gitt F.. oppi korleis motstandarne spelar. Dei har lukkast. Eige spel, samhandling og å vite kor målet til motstandaren står, er det einaste som nyttar. Viking – Sogndal: elendigt med meir stillstand og bakdrift enn framdrift. Kor var trenaren då???

    Sogndal har spissane – dei må berre våge litt meir og tåle den trøkken som kjem, om det kjem nokon trøkk, når dei ikkje lukkast! 8. plass til slutt er realistisk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *