Spissar utan målteft

Spissane til Sogndal scorar ikkje mål. Ikkje ein gong i cupkampen mot Fyllingen frå 3. divisjon makta Ulrik Flo, Cato Hansen eller Espen Olsen kunststykket å scora. I tippeligaen er det berre Ole Jørgen Halvorsen og Eirik Bakke som har funne vegen til nettmaskane.

Fortel dette at Sogndal har ubrukelege spissar? Neppe, det har like mykje med det faktum å gjera at nivået i tippeligaen er i tøffaste laget for ein del spelarar, og ikkje minst at Sogndal har spela ultra-defensivt og med alt for lite tru på eigen styrke i mange av kampane. Siste kampen mot Viking er det grellaste eksemplet. To einslege svaler på topp blir for tynt mot garva tippeligaspelarar.

Det er eit fordømt faktum i fotball at det kun er tabellen som fortel sanninga. Og i dag ligg Sogndal på sisteplass med færrast scora mål. Laget er gjerrig bakover, som ei følgje av at trenar Aabrekk har lagt ein strategi som demmer opp for dei verste angrepsbølgjene.

Men om laget kan tillata seg å opptre som mot Viking er vel heller tvilsamt. Kanskje i vanskelege bortekampar som mot Stabæk og Rosenborg i komande veke. Men aldri heime på Fosshaugane! Då blir det snart folketomt på tribunane. Og like få mål.

Sarpsborg 08-trenaren har gjeve klart uttrykk for at dei spelar sitt eige spel, uansett. Ei ambisiøs målsetjing, på grensa til naivt vil nokon seie. Men også veldig fair og positiv-tenkjande. Sogndal bør ha den same innstillinga, spesielt på heimebane. Same kva spelarar som er til disposisjon. Betre er ikkje nivået i tippeligaen, med svært få unnatak.

Den komande veka vil gje oss mange svar på korleis denne sesongen vil arta seg for dei svarte og kvite. Det som har gledd meg mest til no i år, er dei unge spelarane sin flotte innsats. Namn som Gustav Valsvik, Isak Scheel, Mats Solheim, Eivind Daniel Røed og Ørjan Hopen har imponerte i fleire av kampane. No gjenstår det å sjå om dei etablerte hevar seg og syner at dei er klar for nivået. Me snakkar om profesjonelle spelarar det er lovå stilla krav til.

Det hastar, skal Sogndal ha nokon som helst sjanse til eit liv i tippeligaen.

Toppfotballen kan vera brutal og nådelaus. Sjølv i Noreg.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til Spissar utan målteft

  1. I dag vert det ein tøff oppgåve for spelarane og Aabrekk. Lagdelane må tett saman, men samstundes me må koma oppover via kanten. Der skal det vere mogleg å ha ein lur Cato Hansen i boksen. Det vert likevel vanskeleg då med ein krevjande speleformasjon. Håpar likevel at me køyrer på for fullt inne i hallen på Fornebu og ranar med oss tre poeng! God kamp og god 17. mai!

  2. Nok ein kamp. For å gjennomføra alle kampane har NFF «stressa» seg og banka igjennom mange kampar i mai. Litt for mange? Vel, det er då trenarane må vera særs merksame på eventuelle slitasjer i spelarstallen. I dag kjem Lillestrøm frå Åråsen på besøk. Eit særs godt lag spekka med gode spelarar i forskjellige lagdelar. Henning Bergs mannskap gjekk på ein smell heime mot Molde 16. mai. Eg trur at verkeleg skal få slite mot eit heiltent heimelag. Med den flotte innsatsen mot Stabæk kan spelarane no kosa seg meir ute på grasmatta. Ta gjerne fleire løp på sidene og legg inn til spissane i boksen så går dette vegen.

    Publikum: Sjølv med ein torsdagskamp og ein siger 16. mai bør folk ta turen til Fosshaugane. Teateret på Campus har mange ledige seter og god plass på kokarfeltet. Set dykk i bilen, bussen eller kom med båt til Sogndal. Parkèr i sentrum og ta beina fatt til Fosshaugane Campus. Hugs også å gå i kvitt og svart. Skru opp volumet og la stemmebandet ditt vere ein del av godlyden på stadion. Er du med? Saftkokaradn fiksar stemninga!

    God kamp!

  3. Spissar utan målteft? Så avgjort. Her er det ein forsvarspelar og ein midtbanespelar som skårar to mål mot LSK. For ein herleg gjeng som iherdig står på. Dei 10 siste minuttane var magiske! Herleg! Flott secener å sjå då Halvorsen skåra og jublar mot felt G! Saftkokaradn i ekstase og me vann ein særs viktig siger.
    Men; kor er spissane som skal skåra mål og kor er publikum? Kvifor klarar ikkje Sogndal Fotball å fylla Campusen til randen?

    Neste heimekamp mot Vålerenga kjem du! Eg er klar!

  4. Kokar Saft sier:

    Sogndal er det beste laget i tippeligaen for tida, 7 poeng på dei tre siste kampane er det ingen andre lag som har prestert. Taktikken til Aabrekk har verkeleg tatt av, berre 2 baklengsmål på dei 6 siste kampane seier sitt. Sogndal kjem til å bli sterke i cupen, der må motstandaren tross alt score om dei skal slå ut Sogndal, og det spørst om det hjelp no når Sogndal har fått målteft.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *