Kommentarer til: Spissar utan målteft http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/05/13/spissar-utan-malteft/ En blogg fra NRK Fri, 14 Oct 2011 18:25:10 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: Kokar Saft http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/05/13/spissar-utan-malteft/#comment-21 Thu, 19 May 2011 20:28:11 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=26#comment-21 Sogndal er det beste laget i tippeligaen for tida, 7 poeng på dei tre siste kampane er det ingen andre lag som har prestert. Taktikken til Aabrekk har verkeleg tatt av, berre 2 baklengsmål på dei 6 siste kampane seier sitt. Sogndal kjem til å bli sterke i cupen, der må motstandaren tross alt score om dei skal slå ut Sogndal, og det spørst om det hjelp no når Sogndal har fått målteft.

]]>
Av: Geir Frode Lunden http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/05/13/spissar-utan-malteft/#comment-20 Thu, 19 May 2011 19:24:16 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=26#comment-20 Spissar utan målteft? Så avgjort. Her er det ein forsvarspelar og ein midtbanespelar som skårar to mål mot LSK. For ein herleg gjeng som iherdig står på. Dei 10 siste minuttane var magiske! Herleg! Flott secener å sjå då Halvorsen skåra og jublar mot felt G! Saftkokaradn i ekstase og me vann ein særs viktig siger.
Men; kor er spissane som skal skåra mål og kor er publikum? Kvifor klarar ikkje Sogndal Fotball å fylla Campusen til randen?

Neste heimekamp mot Vålerenga kjem du! Eg er klar!

]]>
Av: Geir Frode Lunden http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/05/13/spissar-utan-malteft/#comment-19 Thu, 19 May 2011 07:54:15 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=26#comment-19 Nok ein kamp. For å gjennomføra alle kampane har NFF «stressa» seg og banka igjennom mange kampar i mai. Litt for mange? Vel, det er då trenarane må vera særs merksame på eventuelle slitasjer i spelarstallen. I dag kjem Lillestrøm frå Åråsen på besøk. Eit særs godt lag spekka med gode spelarar i forskjellige lagdelar. Henning Bergs mannskap gjekk på ein smell heime mot Molde 16. mai. Eg trur at verkeleg skal få slite mot eit heiltent heimelag. Med den flotte innsatsen mot Stabæk kan spelarane no kosa seg meir ute på grasmatta. Ta gjerne fleire løp på sidene og legg inn til spissane i boksen så går dette vegen.

Publikum: Sjølv med ein torsdagskamp og ein siger 16. mai bør folk ta turen til Fosshaugane. Teateret på Campus har mange ledige seter og god plass på kokarfeltet. Set dykk i bilen, bussen eller kom med båt til Sogndal. Parkèr i sentrum og ta beina fatt til Fosshaugane Campus. Hugs også å gå i kvitt og svart. Skru opp volumet og la stemmebandet ditt vere ein del av godlyden på stadion. Er du med? Saftkokaradn fiksar stemninga!

God kamp!

]]>
Av: Geir Frode Lunden http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/05/13/spissar-utan-malteft/#comment-18 Mon, 16 May 2011 12:26:42 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=26#comment-18 I dag vert det ein tøff oppgåve for spelarane og Aabrekk. Lagdelane må tett saman, men samstundes me må koma oppover via kanten. Der skal det vere mogleg å ha ein lur Cato Hansen i boksen. Det vert likevel vanskeleg då med ein krevjande speleformasjon. Håpar likevel at me køyrer på for fullt inne i hallen på Fornebu og ranar med oss tre poeng! God kamp og god 17. mai!

]]>