Vanskeleg målarjobb i vente

Sogndal gjer seg klar til å fargeleggja Color Line stadion. Ikkje den lettaste målarjobben, men å slå Kjetil Rekdal og hans menn må jo vera noko av det kjekkaste som finst! «Reka» har vore ute med kjeften overfor Sogndal ved fleire høve, så kom igjen karar. Ta utfordringa!

 

Ein annan som var ute med kjeften etter kampen påa Fosshaugane, var Per Andreas Høgmo. Å uttala at Fosshaugane var ubrukeleg som fotballarena, er ei heilt vanleg messing frå trenarar for store bylag som nærast blir sjokka når dei opppdagar at også Sogndal kan spela fotball. Og vanlegvis er jo underlaget likt for begge lag, eller?

 

Slike utfall kan du spara deg for, Mr. Høgmo. Me har høyrt leksa før, og de er like dumt kvar gong. Det verste med slike utspel er når dei kjem frå «gutta» i NFF sin indre trenarsirkel. For der er Høgmo. Og det er allment kjent at majoriteten av trenarar, og leiarar, i toppklubbane helst vil ha vekk små distriktslag som Sogndal. Det er langt og tungvint å reisa dit, og merksemda er langt større når ein møter dei store bylaga. Aller verst er det når dei store ikkje maktar å slå dei små!

 

For Sogndal sin del er det smått med scoringar. Difor vart laget straffa også mot Tromsø. Trioen Ulrik Flo, Cato Hansen og Espen Olsen er diverre langt frå der dei må vera viss Sogndal skal ha ein sjanse til å overleva. Mats Solheim storspela då han endeleg kom på bana att. Han er den heilt klart mest målfarlege i Aabrekk sin tropp, og kjem alltid i gode posisjonar og til sjansar same kvar du plasserer han på bana. Kanskje ein ide å flytta han i fremste rekkje, Aabrekk?

 

Så til eit anna merkeleg fenomen i fotballen. Cecilie Berg-Hansen er ein utmerka analytikar og kommentator i TV2-ruta. At ho blir kritisert, og nærmast sjikanert, fortel det meste om dei som frontar den. Tenk at eit kvinnfolk kan ha peiling på fotball!

 

Ikkje mykje fagleg innhald i den kritikken!

 

Og eg har ein sterk mistanke om at dei same kritikarane har ei like klar og negativ haldning til damefotball.

 

Stao Pao, Cecilie. Du er flink og eit nytt, friskt pust i Davy Wathne-land!

 

Til Sogndal og Harald Aabrekk sine menn – Stao Pao de og. Poeng i bortekampar er gull verdt.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

6 kommentarer til Vanskeleg målarjobb i vente

  1. Sivert sier:

    Når underlaget er så katastrofalt dårleg at sjølv Eirik Bakke stiller seg positiv til kunstgras etterpå, så kan sjølv Jon Navarsete innrømma at bana var elendig. Det er ikkje anna enn ein skam at Sogndal stiller med ei bane av ein slik standard i landets øvste divisjon. Tribuner og flotte VIP-tilhøve rundt er vel og bra, men hjelp lite når sjølve grasmatta ser verre ut enn Brann stadion og Sør Arena på sitt verste for nokre år sidan. Neste år kjem seriestarten endå tidlegare pga fotball-em om sommaren, så det er berre å rulle ut kunstgraset først som sist også på Fosshaugane.

    Og når du kritiserer nokon Navarsete, så bruk rett namn. Tromsø sin trenar heiter Per Mathias Høgmo, ikkje Per Andreas Høgmo. Og han er langt betre kjend og meir merittert enn deg sjølv, så når du får blogge på NRK sine sider kan du jaggu stave namnet til ein av landets dyktigaste fotballtrenarar rett. God påske!

  2. Asgeir sier:

    Bana er for dårelg, og det er berre å få inn kunstgraset først som sist. Verkeleg synd at dette ikkje vart gjort før seriestart, men nostalgikarane vann. Det må no vere ein fordel for Sogndal å spele på ei bane der det verkeleg går an å spele finfotball. I tillegg kjem sparte pengar pga mindre vedlikehald og auka inntekter som følgje av meirbruk.

    Vedr. Høgmo. Han kritiserte vel ikkje Sogndal. Det låg vel bak at slik blir det i april månad på gras.

  3. Lars sier:

    At Høgmo og Reka er dårlege taparar; DET er allment kjent, det! Kvifor gå i skyttergravene når noko vert kritisert, t.d. matta på Fosshaugadn? Når Sogndal og deira rytterar går i strupen på toppklubbane, høyrest det ut akkurat som ein diskusjon frå Stova i Øvre. Ikkje alle der inne har teke inn over seg at Sogndal for nokre år sidan passerte Jotun som nr 1 i fylket.

  4. Svein sier:

    Framtida for norsk fotball er kunstgras og med det også betre fotball-ferdigheiter. Me ser det tydeleg på dei laga som har lagt om til nytt dekke, det må spelast på ein annan måte. Det må også Sogndal ta inn over seg, sjølv om det blir ein lang veg å gå.

  5. Nils sier:

    Skal det verte poeng så lyt det angripast. Ein kan ikkje snøre att bak, håpe på 0-0……..det vert diverre lite poeng av uavgjortkampar…..At ein så rutinert kar som Aabrekk skiftar formasjonar frå kamp til kamp, og endringar undervegs i kampen er merkeleg. i Aalesundkampen skifta han til 4-5-1 midt i SIl sin beste periode(midten av 2. omg)….Ifjro sverga han til sitt 4-2-3-1 system uansett!!!!!!

  6. Og kvifor har grasmatte på Fosshaugane Campus vore dårleg i dei to første heimekampane? Kan dei ansvarlege for grasteppet svara på dette?

    Ser av innlegget til Jon med fleire her angåande toppklubbane. Storklubbane vs småklubbane: Nils Johan Semb ivra voldsomt for å fjerna kvalikkspelet. Fotballtinget stemde så for dette forslaget. Me får sjå korleis dette utartar seg denne sesongen og sesongane fram til neste fotballting. Vert skilnaden mellom stor- og småklubbane størrre? Eg håpar me innførar kvalikkspelet att frå hausten 2015!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *