Kommentarer til: For enkelt og veikt http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/04/03/for-enkelt-og-veikt/ En blogg fra NRK Fri, 14 Oct 2011 18:25:10 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: Svein http://blogg.nrk.no/sogndal/2011/04/03/for-enkelt-og-veikt/#comment-7 Mon, 04 Apr 2011 13:35:35 +0000 http://blogg.nrk.no/sogndal/?p=12#comment-7 Veit ikkje om eg er heilt einig med deg i at forsvarsfiraren klarte seg bra – med 4 baklengs kan ein vel ikkje vera nøgd med forsvarsspelet uansett.

Men utfordringane er kanskje endå større framover på bana. Det var uråd å få auga på nokon spelestil i går – planlause langballar til Ulrik Flo og Cato Hansen (!) som ikkje resulterte i noko. Sogndal mista ballen så fort dei fekk tak i den, og dei gav den frå seg frivillig såg det ut som.

Aabrekk må få på plass ei midtbane som fungerer, og det må spelast gjennom denne. Enno ser det ikkje ut som Bakke sin plass er funnen – kanskje må han flyttast lenger fram? Og Sogndal må få i gang kantspelarane, det svikta totalt i går.

Avisene er samstemde i at Sogndal vart overkøyrde i går, og i andre omgang var det nivåskilnad på laga. Så kan ein seia at kampen kunne fått eit anna utfall om Ulrik hadde scora etter pause, det er så. Men det var skuffande at Sogndal ikkje hadde noko å stilla opp med etter den sjansen.

]]>