Even Hovland mot Danmark?

Nei, Even Hovland er ikkje i den norske landslagstroppen. Det burde han kanskje ha vore. Han har spelt på alle dei aldersbestemte landslaga, men i augneblinken er han diverre langt unna Drillos og det finaste selskapet. Etter at media starta omtalen av Hovland som heit kandidat til Manchester United,har pila diverre peika nedover for den lovande forsvarsspelaren. Har det vorte for mange tankar og «draumar» om det store eventyret?

Noko som igjen har gått ut over prestasjonane på bana? Eg stiller spørsmåla, og ut frå det Hovland viste i nokre av fjorårets kampar, og i serieopninga mot Strømsgodset, er det kanskje på tide å gå i seg sjølv, finna tilbake til den «gamle, gode» Even Hovland. Kompromisslaus, nådelaus i duellspelet og med friske, offensive raid. Rett og slett sjef bakerst. Skal du nærma deg Drillos, må du visa at du tilhøyrer toppsjiktet i eliteserien. Det gjer du best ved å vera høvding i sogndalforsvaret, spela på det du kan best. Du har framleis gode sjansar til å nå svært langt, så Even, fram med råskapen og finessane du har vist oss ved mange høve tidlegare. Då vil det ikkje gå lang tid før me ser deg i A-landslagsdrakta. Premier League kan inntil vidare liggja på vent. Men du kjem dit óg, viss alt blir lagt til rette og du sjølv vil nok.

Det er ikkje mange år sidan trioen Terje Skjeldestad, Anders Stadhem og Håvard Flo spelte saman på det norske A-landslaget. Rett nok var det ein treningskamp, men etter det har fjordfylket vore langt unna spelarar med flagget på brystet. Det er på tide me melder oss på att!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *