Leksedrikk og lyrikk

 
 

Poeten bak "Bilydar"

Høyr meldinga her

Nokre festivalar tel publikumstal og omsetjing. Gloppen litteraturfest tel boksider og lokale forfattarar. Ein minifestival med to små arrangement. Eg var på avslutninga laurdag på Gloppen hotell. Fem rettars middag: Tre rettar for magen og to diktarar serverte åndeleg føde.

Marianne Clementine Håheim – ung Jølstring med fartstid frå Firda Vidaregåande – debuterte i haust med diktsamlinga ”Bilydar” på Oktober forlag. Bilydar høyrer hjartet til, og temaet krinsar omkring kjærleik og kjensler. Ho las eigne dikt med lett forståelege bilete og på direkte språk. Dikta er likevel til å undrast over. Poesien hennar er gjennomarbeidd og dryssa med ledig sjølvironi. Her er spennvidd. Ho skriv kroppsnært om ein kjærast utan at det vert pinleg, og ho skriv modent om ei bestemor i siste fase i livet. 

Men jamaldringane sine når ho ikkje denne kvelden. Tyngdepunktet av dei 25 frammøtte tilhøyrer foreldregenerasjonen.

 Arnfinn Kolerud – fødd Romsdaling og tilflytta Måløyværing – er ein underfundig forfattar med mange utgjevingar på Samlaget. Han las frå ein trilogi om Nynorskfundamentalistane i ei lita bygd der dei vernar om nynorsken. I Vassbygda – eller Vassbygdi sloss dei om a-ending eller i-ending i eitt og alt. I-folket der køyrer Toyota, som dei kallar Toyoti – for sikkerheits skuld. A-folket køyrer det vi kanskje vil kalle Audi – men i Vassbygda heiter det Auda. Der den eine halva av folket ler ha-ha-ha, så ler dei andre – ja, nettopp – hi-hi-hi.

Litteraturfest handlar om formidling, og når ein av romanfigurane til Kolerud har lokka den 76 år gamle mor si til å byrje på internatskule for å redde nynorsken, og då tek det heilt av. Kolerud får med seg ein modig mann frå salen til å lese replikkane til mora i ei kosteleg replikkveksling om det er slik at mora drikk konjakk på internatet (klikk på klippet ovanfor). Her svingar mistydinga om ”leskedrikk og leksedrikk” seg opp på eit surrealistisk nivå. Stor humor med ordspel og tull og vas, der eit visst alvor ligg i botnen.

Festmiddagen oppsummert. Dette var rett triveleg for oss få som var der. Men sjølv eit steinkast frå ”Firda Gymnas” dreg ikkje ein rutinert lokal poet og ein underfundig humorist folk ut av godstolen med TV-en på ”Melodi Grand Prix” og ”Hver gang vi møtes” på laurdagskvelden. Sjølv om vi på hotellet fekk karamellpudding til dessert!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Indremisjonen utfordrar

Bedehuset ligg gøymt inne mellom bilhandlarane

Høyr radiomeldinga. Sjå bilete av lovsongen nede på bloggen  

Søndag klokka 11 blank vitja eg Sogndal Indremisjonsforsamling. Der var storsamling med lovsong og oppbyggjelege talar. Sjølv om dei fleste i denne forsamlinga står i statskyrkja, så har dei lagt møta sine kliss midt i den beste kyrkjetida – dei siste tre åra. Medan nokre tusla seg inn i Stedjekyrkja samla indremisjonen 100 menneske i alle aldrar i sine lokale rett nedanfor.

Det nymotens bedehuset ligg i ein nedlagt møbelbutikk i same bygningskompleks som Volvo og Opel. Den som måtte leite etter det gamaldagse kvite bedehuset med lysande kross på veggen kjem til å gå feil. For meg som er oppvaksen i gamal bedehustradisjon, så vart eg overraska. Eg rusla meg opp trappene, og lurte på om alt var forandra.

Men eg kom fort tilbake til ”barndomens bedehus”. Her vert ein helsa personleg velkomen. I neven. Alle vert sett. Her er personlege vitnesbyrd. Her lever frimodet vi lærde på søndagsskulen. Nyskrivne songar vert framførte med glød. Kvaliteten på tekstane er varierande, men ingen tvil om at det er ekte vare. Forkynninga legg vekt på tilgjeving i det daglege. Praktisk og jordnær om du trur på ein himmel, eller om du berre er ein verdsleg kulturmeldar på bakarste benk. Møtet er ein skule i å tore å stå fram med sitt.

Frimodet og aldersblandinga imponerer meg. På meg verkar det som dei bryr seg mest om kvarandre som menneske. Det ser ut som dei er flinke til å sjå ”den enkelte”. Tilhøvet til Vårherre ser ut til å kome meir i bakgrunnen.

Dei tolkar på engelsk til våre nye landsmenn. Det imponerer meg at heile møtet vert omsett på direkten på engelsk til innvandrarane i salen. ”Vi treng fleire tolkar”, er bodskapen, ”vil vi vere ei internasjonal forsamling, så må vi tolke”. Eg spør: Kor mange organisasjonar tek denne språklege utfordringa på alvor?

Så er det kollekt til styrking av indremisjonen i Bremanger! Med eigen kollekttalar som skal få setlane ned i bøssene. Eg ventar stille kollekt – det vil seie at ein høyrer raslinga i papir langt sterkare enn klingande mynt. Men her er eg utgått på dato. Kollektbøssene har fått konkurranse frå kortterminalen sine lydar i skranken. Indremisjonen håvar inn runde beløp frå Banken til Vårherres tenarar på direkte linje.

Eg innrømmer at eg på veg innover til Sogndal såg på Indremisjonen som noko gammaldagse greier. Men eg vart møtt av ein moderne og oppgåande organisasjon. Ein flokk frå Bygstad gjesta storsamlinga og dei fekk praktiske ord med på heimvegen. Det var organisasjonsstrategen Tom Salte som delte sine røynsler om bygging av Sogndal Indremisjonsforening dei siste 20 åra. Han er nok både mild og tøff. Han delte røynslene sine raust til Sunnfjordingane. Men det er same mann som torer å utfordre kyrkja i Sogndal med å halde indremisjonsmøte i beste kyrkjetid – søndag klokka 11. Sjølv Sogndal Fotball ville kvi seg for å legge ein cupkamp i kyrkjetida. Men så preikar Tom Salte om Jesus på effektiv Jærbu-dialekt, i Sogndal Indremisjon spelar han definitivt utfordrande spiss!

Lovsong med søndagsskulepreg

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Melodi Grand Prix smakar lutafisk

                                                                                                                                                                                 Det politiske A-laget kasta glans  Foto: Truls Kleiven

Høyr kulturmeldinga

Det er med Melodi Grand Prix som med lutafisk. Det som det eigentleg skal handle om – sjølve melodiane eller lutafisken – glir glatt ned og smakar mest ingenting. Opplevinga handlar for det meste om ”tilbehøyret”. Så derfor: Denne kulturmeldinga frå delfinalen i Florø handlar om nettopp det – ”tilbehøyret”!

Vi får høyre om lokale dronningar som vert heltar ved å bere ein konvolutt med resultat over scena, og vi dvelar ved at lokale politimenn korar Hank i Helvete. Det er ei sjølvnyting der Florø som vanleg er uslåelege krinsmeistrar.

MGP er kommers, glitter og stas på lisensbetalt fjernsyn. Men det er drygt at fylkeskommunen – som den einaste i landet – spyttar inn to-tre millionar for å sikre at dette showet kjem hit til fylket. Sakleg sett er eg djupt kritisk til denne sløsinga, og eg vil med styrke hevda at kringkastingssjefen fortener medaljen som kveldens gjerrigaste.

Det irriterer meg grenselaust at MGP sender borna i front når dei skal forsvare tilgangen på fylkeskommunale millionar. At born frå heile fylket kan konkurrere om å få varme opp publikum fungerer som glansa glasur. La meg presisere: Dette er naturlegvis ikkje nokon kritikk av dei flinke og talentfulle borna som får opptre på ei proff scene framfor eit stort publikum. Men det irriterer meg at vi gong etter gong opplever at nasjonale storleikar ”elgar seg oppetter” lokale born for å trekke meir showpublikum til kommersen! Eg stiller spørsmål med om dette tener kulturlivet vårt.

Då synest eg det er langt ærlegare når politikarane sjølve forsvarar skattekronene til showet. Når Fylkesordførar Åshild Kjelsnes kler seg opp i ein så glitrande showkjole at den får fylkesordførarkjedet hennar til å bleikne, ja då må eg berre gi meg ende over. Eg unner deg glansen, Åshild, du som i løpet av våren skal springe fylket rundt å legge ned vidaregåande skular. Eg skjønar entusiasmen din for eit susande show på heimebane i januar.

Om Åshild var glitrande, så var det ordførar Bengt Solheim Olsen som stal det politiske showet. Vi ser tydeleg effekten av isbadet hans i hamnebassenget på ski. På direkte laurdagsfjernsyn skryter Bengten som venta av Florø, men når ein Florø-ordførar svingar seg til uante høgder i skryt over heile Sunnfjord – ja, heile fylket – då skjønar eg brått alvoret. Her skal det takkast for dei fylkeskommunale millionane så det gir ekko i stovene frå Hornindal til Gulen. La det vere sagt: Å sjå Bengten takke heile fylket på direkten vart kveldens desiderte høgdepunkt – for meg. Entusiasme og laust fundert reklameverdi er som kjent vanskeleg å veksle om i fylkeskommunale kulturkroner.

Sjølv om showet føregår i ”Stolt og kry – Florø by”, så kviler det ei husmannsånd over arrangementet. Vi let oss så lett imponere når kjendisprogramleiarar på jobb og artistar i scenerus skryt av lokalpublikumet på regissert kommando. Viss heiinga og jubelen i salen i Florø var eineståande, så må det jaggu ha vore dårleg i Steinkjer veka før!

Kven kjem så vinnande ut i alt dette ”tilbehøyret” til MGP? Eg ser to vinnarar. Fyrst: Florø viser oss igjen at dei er fylkets fremste arrangementsplass. Dei torer å utfordre. Kystbyen torer å ta risiko, og dei hiv seg rundt når sjansen byd seg. Dei er utan tvil eit rutinert og framfor alt hyggjeleg vertskap som imponerer fleire enn meg.

Men Kongen av Florø Grand Prix heiter Per Øyvind Helle. Med pågangsmot og smittande entusiasme har han stått distansen i tre år. Han har gått ”mil etter mil etter” pengar frå sponsorat og byråkrat. Framfor alt har han risikert eigne pengar og eige firma når publikumspila har peika nedover. Slikt står det respekt av.

MGP er over. La meg gå tilbake til lutafisken – eller melodiane – om du vil. Melodiane var smaklause – som lutafisk – med unnatak av ein sterk vinnar. Ja, og sjølv i mine øyrer var det noko som smaka surt. Men det viktigaste i showet – ”tilbehøyret” – heldt stilen også i år. Om fylkeshyllesten til Bengten og om glitterkjolen til Åshild så seier eg berre ”Voi-Voi”!

Publisert i Ukategorisert | 15 kommentarer

«Fjusk» gav siger i kvissen!

Bård Solberg er fast spørjar på Pikant

Høyr kåreriet

God morgon. No skal du høyre kva eg gjorde i går kveld. Eg var på eit rart kulturarrangement, kan du tru. Eit arrangement der den desiderte eliten støyla seg i same sal som røkla. Eg var på kafé i Førde. På Pikant på onsdagskviss. Kviss er spørjeleik for vaksne. Eg var forviten når eg kom; kvifor i all verda skal ein i våre dagar konkurrere om faktakunnskap? Kva er vitsen med å hugse noko som helst i ei tid der faktakunnskap ligg berre eit tastetrykk unna på internett? I eit tid der leksikona er daude!

Åtti personar delte seg i tjue firmannslag, og dei fleste understreka smilande at dette var fyrst og fremst moro og sosialt. Ja, kanskje dei hadde det sosialt når dei skulle spekulere ut at USA kjøpte Alaska av Russland – og hugse namna på dei mest moderne tekniske dippeduttane på datakloden. Men moro? Av dei åtti i salen var det berre ein som lo høgt og rungande, men so var no han både austlending og barnehagestyrar – og kan knapt reknast med i det gode sunnfjordske selskap.

Andre heldt fram hjernetrim og det å kunne gløyme jobben som høgverdige motiv for å tore å leike seg. Dei ærlegaste sat likevel med stive masker og lyfta hovud. Dei stolte minene var ikkje til å ta feil av. Eimen av mannlege kjønnshormon og konkurranseinstinkt blanda seg over nokre einkjønna bord med menn.

Eg la fort merke til ulike stilarter som prega ulike lag. Alle er samde om at det er dødssynd å fjuske via mobilmeldingar og trådlaust internett. Men ein kan tydeleg sjå at enkelte lag set av ein person i lytteposisjon i høve dei høgrøysta og kunnskapsrike på naboborda. Denne snokande lyttefunksjonen vert ofte utført av ein som er reserve på laget. Kjernen i laget har viktigare oppgåver, må vite. Kjernen gir det avgjerande nikket og fører det rette svaret i protokollen.

For å verne seg mot avlytting finst det fleire metodar. Nokre har så stor tru på eigne krefter at alle deltakarane skriv ned svara kvar for seg, og syner arka til kvarandre mest som på stumfilm. Dei mest alvorlege karane stikk hovuda tett i hop og snakkar så lågt at dei knapt høyrer seg sjølve. Dei smeltar saman i ei einaste hjerneboble. Eg ser med ein gong at desse vert vanskeleg å slå. Her er det konsentrasjon og kunnskap som gjeld. Her er det ikkje tøys og vittige replikkar i utrengsmål.

Laget med den støyande austlendingen leier klårt til pause, men dei sprekk så det susar i andre omgang. Då stig dei fram – dei mest rutinerte og alvorlegaste karane – som veit kva dette handlar om. Det er nett som eg hugsar frå barndomen. Den skikkelege leiken byrjar ikkje før det vert skikkeleg alvor. Laget som kallar seg «Fjusk» er overbefolka med seriøse lærarhjerner. Det er truleg lærarar som er ute på byen og drikk brus og avreagerer. Avreagerer ved å ha det moro og sosialt? Neppe! Laget «Fjusk» avreagerer frå det harde livet på Ungdomsskulen. Med alt det inneber av «kviss» og – alvor!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Julebrevet heimanfrå

Høyr kåseriet om dei tre lokale julehefta

I går var det kladdeføre på kjøkenbordet mitt. Eg hadde vore uvøren og lettvint nok til å ta på meg oppdraget om å kulturmelde julehefta ”Jul” i Nordfjord … og sameleis i Sunnfjord. Medan det heiter ”Jol” i Sogn! Tre julehefte utgjevne av ungdomslag, museum og sogelag. Lettvint tysdagsarbeid tenkte eg, og opna eitt nytt glas pulverkaffi. Ute dryssa det pyntesnø.

Elle – melle – elle – Jol fyst. I Sogn. Den ærverdige veteranbåten ”Stavenes” har fått æveleg liv over fleire sider, og kongen av fiskeoppdrett står jamsides med kong Olav. Braanaasen står smilande med ledig hoftefest, medan Laffen vinkar til Hurtigruta. I stein.

Nordfjordingane gled seg over at Moods har teikna dei norske innmarsjkleda til OL, og krigsjula i Måløy kjem som ønskereprise. Eg slit med motivasjonen, og kveikjer ljosa i adventsstaken. Eg tjuvar til meg sjokoladebitane under familiens luke 12 og 13. Sjokoladen for den 12. kalenderluka smaka suligt, men Lucia-sjokoladen måtte tyggast ekstra. Dårleg samvit svei i halsen. Eg var klar for Sunnfjord.

Sunnfjord er som venta traust. Dei trykker ein ”klagesong frå hospitalet” på 24 vers og ein biografi i kortform over mordaren Trodal-Mass.

Fellestrekka i dei tre julehefta er slåande. Dei er nesten kjemisk frie for Jesus-stoff, men Nordfjordingane gjev oss heldigvis ein julesong slik at vi får repetert at ”No er det fødd ein frelsar, og natti vart til dag.” Når eg såg tittelen ”Ein ubeden julegjest”, så håpa eg i det lengste på ei god gamaldags sentimental juleforteljing a la ”Det er julekveld i stua”! Men eg måtte slukøyra slå fast at det handla om uveret ”Dagmar”.

Vegopningar er den nye religionen – skal vi døme etter dei tre julehefta. Frå nord til sør rosar julehefta ”den breie veg” med aktuelle andakter om Kvivsvegen, Dalsfjordbrua og den nyopna Torvund-Teigen ut mot Lavik på E39.  

Julehefta har som vanleg mykje grundig historisk stoff, og eg vil dra fram to særs fine artiklar om to kvinnelege kunstnarar. Det er Kjellaug Haugen Holter frå Loen i Nordfjordheftet og Astrid Myklebust frå Jølster i Sunnfjordheftet.

Mykje av stoffet er traust og opplysande. Men noko er også leikande. I Nordfjordheftet står ein fornøyeleg forteljing om bestefaren som går seg vill i leikebutikken. Du får ekstra julestjerne hjå meg – forfattar Sigbjørn Hjelle – for teksten om ”Traktoren som besten vil leike med åleine”!

Etter ein litt treg start, så vart eg sogen inn i julehefta. Ute har det slutta å snø, og dei to første lysa i adventkransen må erstattast med nye. Eg undrast litt over kven desse julehefta er laga for. Først og fremst er dei for alle oss som treng ei høveleg julegåve for ein hundrings. Dei høver nok også best til dei godt vaksne og historieinteresserte. Julehefta høver særs godt til dei utflytte som kjenner litt på heimlengten no fram mot jul.

Forfattaren Ole Wilhelm Fasting er omtala i Sunnfjordheftet, og eg trur han set ord på denne kjensla. Lengten etter julebrevet heimanfrå. Eg rundar derfor med eit Fasting-sitat: ”Det hænder mig stundom, naar ensomhetsfølelsen tar overhaand i mig, og jeg synes at leve i utlændigheten, at der dukker frem for mig i erindringen billeder fra mitt hjem og min barndom.” Det er dette vi ventar på: Julebrevet heimanfrå!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Anne og Frank Willy avsluttar kunstprosjektet sitt

Kunsttour-debatt. (Foto: Vidar Gudvangen/NRK)

Heit debatt i panelet. Høyr meir ved å klikke på radioinnslaget under. Foto: Vidar Gudvangen/nrk

Høyr radiomeldinga her og radioinnslaget frå oppsummeringsmøtet her

Anne og Frank avsluttar kunstdagboka. Søndagskvelden la samfunnsdebattant Anne Viken og FRP-politikkar Frank Willy Djuvik fram konklusjonane sine frå ei tre månaders lang kunstvandring i fylket. Dei har ete frukost med markante kunstpersonar og dei har tråla fylket på jakt etter svar på viktige spørsmål om publikumstal, kunstformidling og mediekontakt.

Kunstdagboka – eller prosjektet om du vil – han samanliknast med eitt skihopp. Dristig utgang frå hoppkanten. Så ein del veiving med armar og bein i svevet. For så å samle seg til eit meisterleg nedslag.     

Utgangen på prosjektet retta seg sylskarpt mot Kunstmuséet sine elendige nettsider. Anne og Frank dokumenterte grundig, og dette har etter kvart ført til lovnader om betring og bot frå Kunstmuséet si side. Anne og Frank har også fått museumsdirektøren for alle musea i fylket – Anne Marie Førde – til å innrømme at musea ikkje har mediestrategi. Dette er oppsiktsvekkjande!

Undervegs i svevet har prosjektet vingla seg fram. Først det positive: Dei har ytt god service om interessante nettstader til oss som fyl dei på internett, og dei har ivrig publisert refleksjonar i aviser og tidsskrift. Dei greidde til slutt å få direktøren på Kunstmuséet – Morten Johan Svendsen – i tale. Anne&Frank og Morten Johan snakkar nok ein del forbi kvarandre. Anne&Frank slår direktøren i hovudet med «gamle sitat» som han prøver å avsanne. Medan direktøren på si side heng att i spissfindige formalitetar, og han påstår «i kampens hete» at det berre er FRP-politikk å vere fokusert på publikumstal! Vooops!

Undervegs har Anne Viken vore litt uryddig i ein del diskusjonar. Ho har provosert tilsette på Kunstmuséet ved å kalle reaksjonane deira «rasande» heilt utan grunn. Ho har stempla all usemje om kunsten til Stig Eikaas for «hat» – noko som unødig forsurar debatten. Og ho har i radiodebatt med styreleiar for  musea – Harry Mowatt – hausa opp konklusjonane frå ei begrensa undersøkjing utført av prosjektet.

Anne&Frank dundrar også til mot mediabedriftene i fylket som ikkje har greidd å få på lufta eller på trykk ein einaste kompetent kunstkritikk av opningsutstillinga på kunstmuséet i september. Over 50 lokale kunstnarar deltek, men korkje NRK-systemet eller Firda i A-pressekonsernet har prioritert dette. På tre månader!     

Kvar er kunstnarane? Prosjektet si største svakheit er at kunstnarane sine uttaler er bortmot fråverande, med Stig Eikaas som eit stort og lysande unnatak. Her kunne og burde Anne&Frank lagt seg meir i selen. Men det må også understrekast at kunstnarane og kunstnarorganisasjonane ikkje har vore spesielt på hogget når radarparet synte interesse for kunstfylket og kunstmuséet!

Nedslaget var fjellstøtt. Oppsummeringa var grundig gjennomarbeidd og tener Anne&Frank til ære. Dei kjem også med gjennomarbeidde framlegg til forbetringar:

–         Om mediestrategiar og marknadsføring. Frank Willy deler sine røynsler om å vere open også når det buttar imot.

–         Om at samansetjinga av styra ikkje berre bør skje etter partibok, men ein bør syte for brei kompetanse i styre for Kunstmuséet og andre kunstinstitusjonar.

–         Dei understreka at høgt publikumstal er viktig for å gi kunstinstitusjonane legitimitet hjå politikarar og folk flest.

–         Dei utfordra kunstnarane til å ta meir ansvar for si eiga marknadsføring.

–         Til slutt innprenta dei media om å dekke sjølve kunsten og ikkje berre vere opptekne av korleis vaflane smakar på utstillingsopninga: Dei kalla det «vaffeljournalistikk»!

Mi oppsummering er at tre månader med Anne&Franks Kunstdagbok var eit fornyande og herleg friskt pust i kunstdebatten i fylket. Nokre små uryddiheiter undervegs vert fort gløymde, for det var substans i den grundige og interessante oppsummeringa.

Publisert i Ukategorisert | 3 kommentarer

Djupe dikt frå kjøkkenet

Nominert til Bragepris

Høyr radiopraten

Poeten Kjartan Hatløy frå Hyllestad har gitt ut den niande diktsamlinga si – ”Kjøkkendikt” – på Oktober forlag. Ordknappe linjer gir oss innsikt. Setningane er tilskorne og nedfila. Han gir oss tankar om livet. Frå kjøkkenet. ”Kjøkkendikt” er nominert til Brageprisen som vert utdelt i dag. Brageprisen er den gjevaste litteraturprisen i Norge. Hatløy sine dikt er ikkje lettvinte. Du må ha tid til å granske deg fram. Eg let ei kanne kaffi renne ned, og sette meg ved kjøkenbordet.

Attkjennande stemningar mala i konkrete bilde, men likevel ikkje lette å få tak på. For meg. Eg sit heile tida og pendlar mellom spørsmåla: Kva kan han ha meint? Kva rører dikta hjå meg?

Den gule duken på kjøkenbordet opp mot havet. Om kvite kaffifilter som pyntar seg og lukta av omnsvarme brød. Den himmelblå oppvaskkosten får somme kjørel til å sveve og på komfyren slumrar steikjepanna i jarn.

Kjøkkenet er den trygge staden. Men ikkje tryggare enn at dauden i nokre svevande sekund berre er eitt steg borte.

Stjernene treng også plass i «Kjøkkendikt». Utanfor kjøkkenglaset er resten av verda. Mjølkevegen gir perspektiv. På eit kjøkken. Den umåla kjøkkendøra er alltid open, og dei mørkebrune kvistane i døra teiknar stjernebiletet Orion – nesten perfekt.

Det er stille og tenkjande på Kjartan Hatløy sitt kjøkken. Stille nok til å lytte til visaren på kjøkkenklokka. Vere der utan å ha noko å gjere. Her kan ein nyte gjerandsløysa. Men så startar kjøleskåpet. Blygt.

Kjartan Hatløy dvelar med elementa i dikta. Han veg orda. Lite synest å vere tilfeldig. Vi får kjenne på levd liv i Kjøkkendikt. Poeten gjer det ikkje lett for lesaren. Eg måtte lese om att og om att. Trenge meg ned i verselinene lag for lag. For meg var diktsamlinga som kom frå Hatløy i fjor – den heitte ”Fjord” – lettare å få tak på. «Kjøkkendikt» loddar djupt. I djupaste laget for meg.

Kanskje vert det Bragepris på poeten frå Hyllestad? Eg gratulerer Kjartan Hatløy med nominasjonen. Viss det skjer har nok juryen bora hardare i stoffet til Kjartan Hatløy enn eg har makta å gjere. ”Kjøkkendikt” er julegåva til dei tolmodige og djuptenkte!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kulturprisen til Anders Fannemel?

Anders Fannemel jublar etter svevet på 244,5 meter. Får han fylkeskulturprisen?

Høyr radiopraten min med Erlend om kulturprisen 2012

I dag deler fylkeskulturutvalet kulturprisen i Sogn og Fjordane. Framlegga på kandidarar er mange og sterke. Arbeidsmåten med prisen er gammalmodig og byråkratisk. Framlegga vert ikkje sorterte og fylkeskulturutvalet kan kome med fleire namn i dag. Prisen har vorte ein reine veteranpris. Vi bør sjå oss i retning av «fem nominerte» der ein også kan velgje å gi prisen for reine ungdommelege stunt.

Malakoff er min favoritt til prisen i år. Dei knivar med andre store festivalar – Folkemusikkfestivalen (Hilde Bjørkum i Førde) og Norsk Country Treff (Ingemar Sårheim på Breim). Malakoff har den ungdommelege spruten som fylket treng meir enn noko anna.

Kva med Anders Fannemel? Men kvifor ikkje tore å tenkje utradisjonelt? Kven torer å gi prisen til han som hoppa nesten 250 meter? I eitt hopp! Han som har hoppa nest lengst i heile verda. Han som hoppa 244,5 meter som debuttant. Tenk om kulturutvalet var spenstig nok til å gi fylkeskulturprisen til Anders Fannemel!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Laus lått på Stadt

Ove Gunnar Aarsheim i spiss for ein jamn og god scenetropp

Høyr radiopraten

Stadtlandet UL baud inn til bygdakveld med tittel «Blanda drops» på laurdagskvelden. Køen på døra gav vaktene ordre om å bere inn ekstra stolar. Nesten 300 store og små benka seg. Arrangørane ville ikkje kalle det «revy» …. for det høyrest so proft ut, sa dei. Det var tryggare med bygdakveld. Greit for meg, men likevel: Dette var bygdarevy så godt som noko ispedd nokre songinnslag som svinga i framsyninga.

På bakromet heng åtte diplomar frå Sogn og Fjordane Ungdomslag. Åtte år med aktivitetsprisar for beste lokallag. Det syner at arbeid frå scenen i grendehuset – og Dragseidspelet for den del – ligg i blodet hjå bygdafolket på Ytre Stadt.
Scenegjengen på 10 personar skruar seg opp, og ein merkar med ein gong at her er publikum og scenegjeng på same frekvens. Emna frå scenen er tradisjonelle frå doktormangel til lavkarbo, frå banknedlegging til oppstart av sædbank – eller rettare «minisædbank», frå klosterutbygging på Seljeøya til besøk av Mette Marit. La meg stoppe litt ved eit par toppnummer: Fornøyeleg om Reveenka som TV-Reality – der det gamle eventyret vart spela som «dyreromantikk». Og så fekk den lokale kjøpmannen på Bunnpris kjærleg juling….., ja, publikum lo ekstra av at kjøpmannen også stod på scenen sjølv.
Skal eg pirke litt, så kan det nemnast at sjølv om emnetilfanget er breitt, så ligg tyngdepunktet litt for ofte lettvint under beltet. Elles dreg scenegjengen ned tempoet ved litt unødvendig teppedraging mellom nummera.
Viss scenegjengen har lyst, så er dei veldig nær å kunne satse på ein revy med god gli og tempo, og der dei gode songnummera kan klippast rett inn. For Stadtlandet UL har det viktigaste på plass. Dei har driv og snert. Dei har ekstrem speleglede, og dei har drilla og øvd nummera godt. Framfor alt har dei ein jamn god scenetropp med Ove Gunnar Aarsheim som trygg og vittig spiss. Eg merkar meg at scenerøynsla også frå Dragseidspelet er god å ha med seg.
November 2012 på Stadt. Med storhavet inn. Laussloppen moro på grendahuset. Alle store og små kulturarrangement har ei ramme rundt seg. Av og til står ramma litt skeivt i høve til det som kjem frå scenen. Slik også denne kvelden. På Stadtlandet. For kva snakka folk om i salen før framsyninga? Jau, dei snakka om den lokale fiskaren som låg hardt skadd på sjukehuset i Tromsø. Eg er sikker på at også revygjengen har vore innom denne «kvardagsdramatikken» i pausar under øvingane. Eg er sikker på at dei mellom dei hardaste taka under øving har høyrt på doktormeldingane frå Tromsø.
Skal ein drive på med lettbeint moro når nokon i bygda har det ilt? Svaret er ikkje eintydig og gitt ein gong for alle. Men denne kvelden fylte stassingane salen for å sjå det som gjengen på scenen hadde heimetappa. Dei visste langt på veg kva dei fekk. Og dei visste å setje pris på det. Doktormeldingane nordfrå var lysare og det var både viktig og nyttig å kople om ……. og å setje latterdøra på gap halvannan time. Truleg gav Stadtlandet UL bygdefolket det dei hadde mest bruk for nettopp denne laurdagen: ein god lått!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Eit songkor å sjå på

 

Mannekengar frå koret med gnist

Høyr kåseriet her

Fredag var det ”Kulturnatt i Nordfjord”. Nordfjordingane synte fram kvardagskulturen sin på tallause arrangement. Det var så mykje å velje i at kulturmeldaren vart svimmel. Då kom ein kulturmeldarkollega austafor meg til uventa hjelp. Han basunerte ut at 90 % av kulturen er bibliotek, korps og kor – medan kulturjournalistane skriv suverent mest om den siste 10-prosenten. Saka var avgjord. Eg slapp å snurre flasketuten peikar på. Songlaget i Hornindal skulle delta i kombinert kultursport. Dei skulle både syngje og opptre som mannekengar.

Blandakoret på bygda er limet i kulturlivet. Javel,seier du? Det kan låte litt ujamt, men dei stiller alltid opp. Alltid. Om alt anna sviktar, så har vi i alle fall koret. I Hornindal entra songlaget parketten til konsert. Konsert med piano. Men pianoet var ikkje trykkprøvt eller spela varmt. Her var det amatørismen og improvisasjonen som rådde grunnen. Konserten halta seg fram mot klimaks. Paradenummeret til slutt. Då synte det seg at pedalen på pianoet var defekt. Og utan pianopedal så datt nummeret ut, og i staden for paradenummer og ekstranummer så gjekk alt i oppløysing, og koret tusla seg av scenen rimeleg slukøyrte…..

Amatørar treng ikkje forfalle til amatørisme. Amatørar treng ikkje tøyse bort framsyningar med å vere dårleg førebudde. Nokre set slikt på kontoen for å vere ”folkeleg”. Ikkje eg. Du må vere førebudd for å vere ”folkeleg”. Er du ikkje godt nok førebudd på det nivået du opererer, så er det ”slendrian”. Meiner eg. Punktum.

Men så dalar engelen ned – sjølv om ikkje dette var julekonsert. Som himmelsendt er pianoreparatøren på plass. Han er nevenyttig og teknisk, og vips der trillar han pianoet inn att på scenen. Pianopedalen har brått funne att haustforma. Programleiaren ropar opp att koret. Vi skal få sluttnummer med full gass og pedalen i bånn. Ny von. Redninga er nær. Då syner det seg at ”bassane” er reiste heim. Dei let seg ikkje kalle tilbake. Kanskje har dei slege av mobilane for å ikkje verte dregne inn i mannekengoppvisninga? Kva veit eg? Eg veit at vi aldri fekk glansnummeret denne kvelden. Eg veit at dette var kvelden der koret gjorde sine beste nummer som – ja nettopp – mannekengar.

Dansegolvet på Raftevoll Hotell vert omskapt til Cat Walk. Her er klede og vesker. Her er snertne damer og staute karar. Nokre har fart og driv i framsyningane som om dei representerar motehusa i sine yrke til dagen. Andre er tydelegvis på Cat Walken for fyrste gong i livet. Usikre, ja vel, men likevel konsentrerte og førebudde. Ikkje alltid i like elegant takt, men likevel ærleg tilstades med kropp og sjel i ny rolle. Med sin usikre sjarm. Korsongarar som er villig til å presse seg sjølve på nye og uvande arenaer. Slikt står respekt av!

Dette var kvelden der ein defekt pianopedal torpederte glansnummeret, og der pianoreparatøren først fekk sving på sakene etter at bassane var reist heim. Dette var kvelden der mannekengframsyninga tok så mykje merksemd for koret at dei musikalske førebuingane datt i dungen. Som ein skjebnens ironi song koret «we vill meet again» – vi møtest igjen….  Ja, ja. Eg ber ikkje nag. Eg møter gjerne igjen på Kulturnatt i Hornindal. Men dette var kvelden der songkoret var mest til å sjå på.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar