Breimskoret i jamn dur

Sjur Atle Austrheim - styreleiar i koret og kafévert på kabareten - pustar letta ut på siste refreng

Høyr radioklippet her (innslag nummer 14 i morgonsendinga)

Breimskoret køyrde sin årvisse kabaret i helga. Eg benka meg på premièren. Breimskoret forlot Breimshallen i fjor. No er det full Trivselshage på Sandane som tel. Breimskoret fyller scenen. Bygdefolket fyller sal på sal. Sikkert godt over 1000 inne på ei langhelg. Kabareten flyt framifrå. I år er den sceniske ramma lagt til bygdekaféen: Kaffe Latte(r).

Kaféen skiftar inventar og stil i løpet av framsyninga, men serveringa frå Breimskoret er tradisjonell. Tjue korsvisker knytt fint i hop med ei forteljing. Mellomtekstane i år handla om kjærleik og bygdeliv i endring. Kabareten har langt mindre revypreg enn før om åra. Eg lyt innrømme at eg hadde venta meg eit par skarpe revypoeng. Men mellomtekstane fungerte godt til å vise fram ulike typar, og dermed opne for kostelege kostyme. Kabareten vert dermed også kjekk å sjå på, og meir oppmjuka og variert.

Kor og orkester dyrkar ”Feel good”. Breimskoret er eit middels kor songmessig, men arrangementsmessig er dei mellom dei aller glupaste. Dei knyter til seg eit topp orkester. Dei flyttar seg nokre kilometer frå Breim slik at dei kjem under tak i den flottaste salen i heile fylket. Trivselshagen på Sandane er romsleg og intim samstundes. Alle ser og høyrer framifrå.

Breimskoret er eit kor og det songlege ber framsyninga. Dei slepp til mange solistar. På eit solistlag med breidde skil dirigent Solfrid Bjørkum seg ut med dei beste solistprestasjonane.

Når ståande applaus bølgjar gjennom salen, så grip eg meg likevel i å tenkje at kabareten går vel mykje i same sporet. Det trufaste og entusiastiske heimepublikumet fortener også utvikling. No har Breimskoret brukt to år på å finne seg til rette i Storstova. Kanskje ein neste år bør satse friskare på å ta heile den store scenen i bruk. Breimskoret har potensiale til å utnytte dei moglegheitene ei slik framifrå scene byd på. Eg tenkjer då spesielt på rørsle og variasjon. Ja, eg veit at det fører med seg meir øving og meir jobb. Men det er også lettare å utvikle seg no når publikum lagar kø på trappa!

Koret er grunnmuren i kulturlivet. Kulturmeldinga innprenta oss at saman med bibliotek og korps er kora våre dei viktigaste byggesteinane i grunnmuren i kulturlivet. Eg tok ein sjekk på grunnmuren i Breimskoret. Eit kor som har levert jamt gode kabaretar i over 25 år. Kort sagt: Heldige Gloppen som har Breimskoret. På same måten som Breimskoret er ”Kabaretkoret” i fylket, så er Leikanger Mannskor ”Revykoret”. Eg er imponert over desse kora som verkeleg tek oppgåva som kulturberar på alvor. Kora er grunnmuren, javel. Men ein grunnmur må vere i utvikling på veg framover. Ein kulturell grunnmur må aldri stivne!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Breimskoret i jamn dur

  1. Bjarte Øvrebø sier:

    Når underhaldninga er god, fengjande, og trekkjer eit aukande tal publikumarar, i år over 1300, så fortel det om både musikalsk og teatralsk høg kvalitet. Ein grunnmur skal vere solid og fast. Det er det som er over grunnmuren som skal leve og pulsere. Slikt vert det kultur av.

  2. hans jakob reite sier:

    Kanskje ikkje så usamde, Bjarte. Viss «koret» hadde vorte ståande på kortrappene med kvite songarhuver og songe «fagert er landet» året rundt, så hadde det stivna og dauda ut. Breimskoret er eit kor som har spelt på sine sterke sider i årevis. Bravo! Eg er «frekk nok» til å utfordre på stadig meir utvikling. I klartekst: Breimskoret har Trivselshagen – den beste kabaretscena i heile fylket. Kanskje vi neste år får sjå heile koret ta heile scena i bruk i nokre nummer. Slikt kan gi vidare utvikling! Det er mitt synspunkt. Sett utanfrå. Gled meg til Kabareten 2014. Uansett!

    PS: Eit besøkstal over 1300 seier vel at de er den største cabareten/revyen i fylket …… Gled dykk over det. Men kvil ikkje på det!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *