Kommentarer til: Breimskoret i jamn dur http://blogg.nrk.no/reite/2013/04/15/breimskoret-i-jamn-dur/ En blogg fra NRK Tue, 14 May 2013 12:04:51 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: hans jakob reite http://blogg.nrk.no/reite/2013/04/15/breimskoret-i-jamn-dur/#comment-1731 Mon, 22 Apr 2013 07:17:29 +0000 http://blogg.nrk.no/reite/?p=1386#comment-1731 Kanskje ikkje så usamde, Bjarte. Viss «koret» hadde vorte ståande på kortrappene med kvite songarhuver og songe «fagert er landet» året rundt, så hadde det stivna og dauda ut. Breimskoret er eit kor som har spelt på sine sterke sider i årevis. Bravo! Eg er «frekk nok» til å utfordre på stadig meir utvikling. I klartekst: Breimskoret har Trivselshagen – den beste kabaretscena i heile fylket. Kanskje vi neste år får sjå heile koret ta heile scena i bruk i nokre nummer. Slikt kan gi vidare utvikling! Det er mitt synspunkt. Sett utanfrå. Gled meg til Kabareten 2014. Uansett!

PS: Eit besøkstal over 1300 seier vel at de er den største cabareten/revyen i fylket …… Gled dykk over det. Men kvil ikkje på det!

]]>
Av: Bjarte Øvrebø http://blogg.nrk.no/reite/2013/04/15/breimskoret-i-jamn-dur/#comment-1730 Fri, 19 Apr 2013 16:22:52 +0000 http://blogg.nrk.no/reite/?p=1386#comment-1730 Når underhaldninga er god, fengjande, og trekkjer eit aukande tal publikumarar, i år over 1300, så fortel det om både musikalsk og teatralsk høg kvalitet. Ein grunnmur skal vere solid og fast. Det er det som er over grunnmuren som skal leve og pulsere. Slikt vert det kultur av.

]]>