Køkultur og kaikultur

.... i ein ferjekø i Lavik, - ja, i Lavik .....

Høyr kåseriet 

Påske er vårfest og utfart. Nokre fyl vinteren til fjells, medan andre av oss leitar etter snøberre flekkar ved fjorden. Når mange skal ut på rek samstundes vert det trongt om plassen. I dagens Påskebodskap står nok privatbilismen sitt evangelium i høgsetet. Vi får kø, og her i vest får vi ferjekø. Andre Påskedag er ferjekøane langt lenger enn køen på kyrkjetrappa. Eg drog til Lavik for å sjekke ut køkultur og kaikultur.

Dette er ein spesiell Andre Påskedag i Lavik. For til veka skal dei starte på nybygg av ferjekai, og det i same veka som Liv Signe & co kjem durande med ny transportplan som skal bygge gigantbrua over Sognefjorden. Rart å tenkje på at den siste ferjekaia på den Vestlandske Ferjefrie Motorvegen vert – både nybygt og nedlagt – akkurat her i legendariske Lavik.   

Ferjekaia over alle ferjekaier vert eit autorisert kulturminne. Billettørane har teke mellomfag i smiling og service. Her vart borna oppdregne i køkultur. Pass køplassen din, og det skal gå deg vel i trafikken. Og i livet! Vi kan ofte høyre krangel om alt frå fritt sjukehusval til fritt skuleval for elevar på vidaregåande skule. Ingen snakkar om fritt ferjeval. Her er det berre ekspressbussar og sjukebilar som har forkøyrsrett. Men! Men det nyttar ikkje å stå i pølsekøen i kiosken når bilkøen rykker fram. Då let det iltert tre støt i fløyta og du vert effektivt sperra og lovleg forbikøyrt.

Ferjekø er scenen for alvorlege vaksne og blide born. Dei vaksne har kvidd seg, og ungane har gledd seg. I ferjekøen har ungane makta over lommebok og bil. Ungane sel godt humør på billegsal, og dei håvar inn den kioskmaten dei peikar på. Steikjeosen breier seg over ferjekaien i dette felles nattverdsmåltidet. Ja, – Andre Påskedag i Lavik minner slik sett om Skjærtorsdag i Jerusalem i Bibelsoga.

Køkøyringa på ferjekaien opnar også for lovløyse. Ungane slepp fri for selar, band og belte, og dei kravlar fram i framsetet. Alvorlege pappaer ved rattet held ungane på fanget, og let smårollingane ”styre” bilen – medan dei forsiktig glir framover i køen. Utslitne mødre med matte ansikt i sidesetet ser ikkje ut til å true nokon med krossfesting. Glisande gutungar nyt lovløysa ved å køyre bil for første gong. Jomfrutur ved rattet for første gong i ein ferjekø i Lavik.

Tre ferjer svel unna i dag. I godveret. Nokre innfødde karar ser på livet, og det er som dei lengtar tilbake til dramaet på kaia kvelden før. Då var det ferjehavari og snøkave. Då var kønervane meir tynnslitne hjå sjåførane, og køpresset i familiebilane gav lødigare underhaldning. Men sjølv på denne godvêrsettermiddagen får vi jubelscener hjå dei som akkurat kjem med ferja, og vi kan lese bannskapen på leppene på dei som vert møtt av bommen på panseret. Då er det berre å rygge tilbake på plass. Eg finn meg ein benk i solveggen og funderer:

Gulatinget og Lavik Ferjekai vert likestilte turistmål om 25 år. Då kjem turistbussane langs Vestlandste Motorveg, og guidane legg vekt på tre ”under” her i Ytre Sogn. Dei fortel om Gulatinget sør om fjorden som la grunnlaget for lover og folkestyre langs leia i Nordvegen. Dei skryt over eineståande ingeniørkunst i bruspennet over Sognefjorden, og ikkje minst stansar dei til ei stille stund ved den siste ferjekaia i Lavik. Her fortel guiden om tradisjonane på ferjekaia. Om køar og kiving om plassen. Om folkeforlystelsen som bygdefolket fekk mest gratis, berre ved å glane.  Kanskje er det bygt eit lite ferjekaisenter der ein kan studere den legendariske vegsnurren ”Griserumpa” som vart historie før 2015. Ferjekaikiosken ”Gobiten” er oppattbygd i original utføring og farge  og det går i sveler og pølser, cola og kebab. Men framfor alt er attraksjonen; ventiing på venteromet. Der kan guiden fortelje frå den utgamle tida då enkelte fann hugnad og glede berre ved å sitje i ein bil på ei ferjekai – å vente!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Køkultur og kaikultur

  1. Jens Friis sier:

    Og dei fleste lurer på, hvorfor det skal bygges ny kai, når dei snakker om bru…. men som SP sikkert svarer; «Det er ikkje same budsjett». Vegvesenet snakker om, ja snakker, at dei berre gjer som politikerne har bestemt….. hadde dei berre gjort dèt, så

  2. Roger sier:

    Det kan vel vere greitt om køa har ein høveleg plass å stå dei neste 25 åra og… Det er vel ikkje berre greitt å vente på trangare og trangare plass berre for at «brua kjem nok ein gang, ho». Men det er no so, kanskje (ferje)kaia i Lavik forsvinn, så får vi heller reise nordover eit stykkje for å ta ferje. Det blir vel nokre att av dei i landet så lenge folk ferdast på hjul, tenkjer eg nok.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *