Palmesus litt under pari

Johannes Hamre (t.v.) spelar storesøstra si - Fylkesmann Anne Karin Hamre. Henning Rivedal (t.h.) strålar som Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

Høyr radiopraten Sjå Kongen og Dronnninga under teksten

Den årvisse Palmerevyen i Leikanger Mannskor entra scenen i Saften denne helga. Eg valde meg den vanskelegaste framsyninga. Den nummer to i nonstida Palmesøndag med litt slunken sal etter stappfull première kvelden før. Fylkesjubiléet  var raud tråd, og fylkesrevyen tek også i år mål av seg til å dekke heile fylket. Årviss revytradisjon i over 50 år forpliktar.

Revyen leverer 25 nummer av jamn kvalitet, men ”høgdarane” manglar. Dei har revyband med driv og eit jamt godt skodespelarensemble. Unge og spretne gutar løftar ensemblet med fart og dans, og jammen bit unggutane frå seg i andre roller også. Det gror gledeleg godt i mannskoret. Det visuelle inntrykket er kraftig forbetra i år. Scenografien er fleksibel og skapar variasjon, men mest av alt imponerer fargerike og føreseggjorde kostyme. At gode bilete er kjekt på revy, kan best forklarast med at den beste ”figuren” i år ikkje sa eit einaste ord. Magne Skaar som dronning Sonja er verdt revybilletten åleine.

Men innhaldet vert altfor ofte litt puslete og refererande. Det vert på det jamne og føreseieleg, og det er langt mellom dei store overraskingane. Kanskje er eg for kritisk no, men dei glitrande tekstane som prega Palmerevyen i tidlegare tider er mangelvare. Kanskje var Palmerevyen rett og slett bortskjemde med tekstforfattarar? Eit anna moment er at når ”rammen er så proff” – så vert lyset sett på innhaldet. Men for all del: manusarbeidet er av det vanskelegaste i alt revyarbeid.

Eg vil dra fram to ”høgdarar” der orginale grep og ein framifrå skodespelar lyfter revyen. Når AP-leiar i fylket – Nils P Støyva – drøftar problema med nedlegging av vidaregåande skular i fylket opp mot korleis det måtte vere for Jesus å få tømmermannsutdanning i Nasaret, ja då svingar det. Det er også i år Håvard Stensvand som gjer dei beste rollane. Ikkje berre som Nils P Støyva, men han er strålande som Erna Solberg i sluttscenen. Fylkesberedskapssjef Stensvand gir pondus til Jern-Erna, som med trøkk og driv gir vendepunkt  både til Fylkekommunen, Fylkesjubiléet og Palmerevyen.

Lokale nummer løyser låtten. Når Sogndal vert egosenteret. Når politikarane i Terrakommunen Vik skummar fløyten. Når revyen harselerer med Georg Arnestad og Johs B Thue – dei suraste debattantane i Sogn Avis. Då kosar det lokale publikumet seg alle best. For også lokalrevyen Palmerevyen har tyngda si på Sognepublikum – ikkje fylkespublikum.

Fokus. Fokus. Fokus. Ja, eg veit at mange stemplar ordet ”fokus” som det mest utslitne i alle ordskifte. Men la gå. Fokus i prestasjonsgrupper i idrett, politikk og kultur må vere skarpt. Eg undrast over kvifor Palmerevyen ikkje ”tek meir av” denne gongen når ensemlet, bandet, teknikken og flyten er på plass. Fører målsetjinga om å vere fylkesrevy til uskarpt fokus? Kanskje bør ein fokusere på stofftilfang frå Sogn – frå Høyangertunnelen og inn? Eller kanskje er det nok å fokusere skarpt på manus nummer for nummer: Er det skarpt nok? Vert det for refererande? Bygg manus opp til vendepunkt og overraskingar? Eg veit at eg set fingeren på det vanskelegaste no. Men kanskje Palmerevyen er den einaste revyen i fylket som har ressursar til å utforske nettopp desse spørsmåla?

Oppsummeringa mi trass i ein del kritiske spørsmål: Her er fargar, fart og flyt. ”Superbyråkrat” Stensvand har stort talent som ”revypolitikar” uavhengig av parti, …. og Magne Skaar er heilt Dronning!

Kong Harald (Arne Røyrvik) solar seg i glansen av Magne Skaar som var HEILT DRONNING!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *