My Fair Lady Lise

 

Lars Melsæter Rydjord er nynorsknerd og Madeleine Nilsen spelar Lady Lise. Foto Olav Reiakvam

Høyr radiomeldinga her

Urpremière på Sogn og Fjordane teater på torsdagskvelden. Ein musikals komedie av Bodil Kvamme og Marita Liabø. Bodil Kvamme hadde også regien. Eit stort og godt ensemble gav humør til alvorlege spørsmål om veremåtar, tilflytting og kulturkollisjonar. Språkleg sneversyn er hovudmotoren i stykket. Lars Melsæter Rydjord er nynorskfanatikaren i Framdalen, og då ei fisefin jente frå Oslo Vest – spela av Madeleine Nilsen – flyttar til bygda, er leiken i gang. Lars og Madeleine gjer også dei beste skodespelarprestasjonane på eit jamt godt skodespelarlag.

Når språknerden skal lære Vestkantjenta Lise ekte Framdalsdialekt, stig alle bygdetypane fram. Dei er lett gjenkjennelege og kraftig karikerte. Dette er ein sjanger der overspelet er ein dygd. Styrken i stykket er at opp i alt fjaset og situasjonskomikken, så dirrar ein alvorleg undertone. Vestlendingane sine verste fordommar mot Oslofolk – og motsett – vert synt fram på ein morosam og tankevekkjande måte. I klartekst: Ein kan verte så oppteken av språket at ein ikkje høyrer kva folk seier.

Slektsstemnet er sjølve høgdepunktet, der dei syng allsong om at …”vi er i slekt. Vi deler blod og spekemat på arva fat”. Dette er kanskje den viktigaste verselinja i heile stykket! Og når sjølvaste bygdeminister Liv Signe Navarsete entrar slektsstemnet – med pappmaske -, så er det nesten så det absurde vert i meste laget. Men regissøren balanserer det heile ut slik at framsyninga ikkje vert altfor anmasande. Ved hjelp av rolegare parti og ikkje minst ved hjelp av songane i oppsetjinga, så får publikum heldigvis variasjon og pusten tilbake.

Publikum storkosa seg. Eg har ikkje vore tilstades på ei framsyning med Sogn og Fjordane teater der humring, lått og avbrytande applaus har vore så jamt fordelt i heile stykket. Harselasen med nynorsken og den sprutande spelegleda til aktørane får ta æra for det.

Scenograf Dordi Strøm er ansvarleg for at det visuelle uttrykket i framsyninga er ein berande del. Fargerike og flotte kostyme, og gode rørsler i spel og dans hevar framsyninga. Scenografien er enkel og funksjonell, og opnar for fart og god glid i regien, og det treng denne sjangeren.

Stykket er eit syngjespel, og då må det også seiast at sjølve songprestasjonane ikkje er mellom plussfaktorane. Songkvalitetane er varierande, men eg gir likevel klare pluss til songrøystene til Madelaine Nilsen og Yvonne Algrøy.

Men so kom vi til slutten, og då synest eg at stykket fall nokre hakk. Gjennom framsyninga hadde ein leika seg med å nærme seg kvarande ved å gi og ta over kulturkløfta. Mot slutten vart stykket i overkant forsonande og politisk korrekt – type bygdenorsk. Vi fekk konklusjonane messa inn i overkant tydeleg. Slik at publikum kunne gå ut i vårkvelden overstrøymande fornøgde og skråsikre på at fleirtalet var vunne for den rette tru. Men denne meldaren vart litt skuffa over den ”klare” slutten. Eg hadde vona at den sprelske leiken skulle vare heile stykket ut og leia fram til ein meir overraskande slutt.

Men totalt vurdert: Vill leik med nynorske nerdar blanda med kjærleik, fart og fargar, komikk og halsbrekkande overspel. Dette er eit stykke som folk i fylket kan få mykje moro med i mars månad.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *