Studentrevy på lågmål

Habile dansarar var mellom lyspunkt

Høyr revymeldinga her

Fredagskvelden ville eg ta ei temperaturmåling på Studentveka i Sogndal. Eg veit at studentane er gode arrangørar. Konsertane på meieriet forsvarar sitt gode rykte, og studentmoro med isbading skrur opp forventningane mine. Men ein ting er å vere arrangør – og å hoppe i havet – …. Eg ville sjekke dei utøvande kulturelle studentkreftene. Studentrevyen spela si einaste framsyning i storesalen på Kulturhuset fredag.

Eg melder denne revyen i sjangeren studentrevy. Då samanliknar eg med det eg har sett i Bergen, Trondheim og på Ås. La meg ta konklusjonen først. Dette var lågmål. Starten var nølande og falsk. Nummera var langdryge og føreseielege. Det var langt mellom overraskingane. Kvar vart det av dei gode grepa?

Når ein manglar raffinement, så hjelper det lite å pøse på med direkte kjønnsprat. Det er lite gagn i å dekke over manglande poeng med rått og direkte språk. Revy handlar mellom anna å kunne leike med antydningar, men det var fråverande her.

Men det handla heldigvis ikkje berre om kjønns- og festlivet til studentane. Vi fekk vere med på den einmannstyrte Sogndal flyplass og på topptur med sjølvnytande turfolk i snøskred. Revyen mangla også eitt desidert toppnummer. Best likte eg eit absurd nummer om konsekvensane av moderne pedagogiske læremiddel der alt frå Bibelen til Ole Brum kom i ei smørje. Eit nummer mot slutten med gode råd til klønete menn på kjønnsmarknaden fekk det også til å svinge litt i salen.

Eit godt revyband gjorde sitt beste for å lime framsyninga saman, og dansarane var også med å dra opp heilheita. Men det hjelpte berre så altfor lite. Av alle arrangement og kulturytringar eg har vitja på mine fire-fem år som kulturmeldar så er dette det næraste eg har vore lågmål. Eg presiserer at eg måler det i sjangeren studentrevy, og då må det vere lov å forvente langt meir enn dette. Skodespelarprestasjonane var samla sett greie nok, men her har det vore jobba altfor lite med innhald og regi.

Eg spør: Trudde studentane sjølve på revyen sin? Her var ikkje ein einaste plakat korkje på studenthuset Meieriet eller på Kulturhuset. På nettsida til Studentveka var informasjon om speletid og stad umogeleg å finne. Det møtte opp berre 70 publikum, og revyen slentra seg i gang 20 minutt for seint. Det var truleg ikkje ein einaste høgskulelærar eller jublande slektning til aktørane mellom dei 70 studentane i salen. Sogndalsstudentane må spørje seg om dei vil ha ein studentrevy. Viss svaret er ja, så må ein forsterke innhald, regi og PR med mange, mange, mange hakk. Eg er skråsikker på ein ting: Sogndalsstudentar – dette kan de langt betre!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *