Tende lys på suppestasjon

Like ved Jakob Sande tunet ser du lys i glasa i Gamle kommunehuset (t.h) og Gamleskulen)

Høyr radioklippet her – Sjå bilete under: Performance med raudbetar og feiande kostymar

Laurdagskvelden var eg i Jakob Sande tunet i Dale på feststunda ”Lys i gamle hus” – arrangert for tredje gong på tre år – så då er det vel for ein tradisjon å rekne. ”Lys i gamle hus” er ei kultursuppe i Fjalertradisjon. Dale er overbefolka med kunstnarar. Kunstnarsentret på Dalsåsen har evna å vere ei kjerne som dreg til seg kreative krefter innan billedkunst, design og teater. Dette vert para opp med lokalt engasjement og kulturhistorie rundt Jakob Sande tunet, der gamlefjøsen var suppestasjon.

Suppa var sminka med raudbetar, bålbrenning og bananar. Her var karneval for dei minste, og pub for dei største. Her gjekk kulturskulebandet ”Bananas”, og dei djupaste kunstforståsegpåarande kunne grunde over performanse-kunst dei ikkje forstod seg på. Her var billedkunst utstilt på loft og i løe. Her surra kunstvideo på kammerset i den gamle skulestova, samtidig som du kunne sige ned i sofaen i Bestefarstova for å høyre Jakob Sande sine noveller. Her var to konsertar. Den første med Thea Hjelmeland med røysta som viktigaste instrument. Dei godt over 100 på stolane lytta med open munn. Dei sat – ja, nettopp – som tende lys! Når lysfesten gjekk mot slutten samlast folket på fjøspuben med lokale musikkantar. Godpraten overdøyvde den akustiske musikken, men ikkje verre enn at folket gaula med på kjende refreng.

”Lys i gamle hus”, er den breiaste kulturspagaten du kan tenkje deg – med om lag 25 aktørar. Brei med omsyn på alder og kunst- og kulturuttrykk. Her blandar det ”smale og utfordrande” seg i same suppa som det ”breie og folkelege”. Her blandar tilflyttarane seg med dei lokale heltane. Til dømes støylar dei internasjonale UWC-elevane frå Flekke seg rundt borda i Jakob Sande fjøsen – truleg utan å kunne ei einaste strofe frå diktet ”Då Gud heldt fest i Fjaler”.

Kva gjer denne kultursuppa så tiltalande? Eg kjenner miksen av den profesjonelle inspirasjonen utanfrå og den stolte tradisjonen frå heimebana. Her leikar kunstnarar seg med raudbetar og performance-framsyningar side om side med Jakob Sande sine noveller. Spissformulert: Dalsåsen og Jakob Sande evnar å spele på same lag! Det er særpreget i kulturbygda Dale. Det gjer kulturbygda Dale eineståande og tiltalande!

At kultursuppa vert servert på eitt brett som ”Lys i Gamle hus”, må Fjaler kommune og Jakob Sande selskapet få æra for. Ein god dugnad må alltid ha både ei god leiing og folk som stiller opp. At ein har tilgang på staten sine Bulyst-pengar gjer at det er gratis inngang heile kvelden.

Litteraturmisjonen er den nyaste kulturelle knoppskytinga i Dale denne våren. Jakob Sande fjøsen vert Fjaler sin variant av litteraturhusbylgja. Dei presenterte programmet for våren med tre litteraturstunder med suppe attåt. Noko å leve av og noko å leve for. Nett so ei vekkjing i Frelsesarméen under slagordet ”Suppe og frelse”!

Performance på låven: Vilde Jensen Hjetland (t.v.) og Thea Hjelmeland serverer raudbetar og undring ...

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *