Leksedrikk og lyrikk

 
 

Poeten bak "Bilydar"

Høyr meldinga her

Nokre festivalar tel publikumstal og omsetjing. Gloppen litteraturfest tel boksider og lokale forfattarar. Ein minifestival med to små arrangement. Eg var på avslutninga laurdag på Gloppen hotell. Fem rettars middag: Tre rettar for magen og to diktarar serverte åndeleg føde.

Marianne Clementine Håheim – ung Jølstring med fartstid frå Firda Vidaregåande – debuterte i haust med diktsamlinga ”Bilydar” på Oktober forlag. Bilydar høyrer hjartet til, og temaet krinsar omkring kjærleik og kjensler. Ho las eigne dikt med lett forståelege bilete og på direkte språk. Dikta er likevel til å undrast over. Poesien hennar er gjennomarbeidd og dryssa med ledig sjølvironi. Her er spennvidd. Ho skriv kroppsnært om ein kjærast utan at det vert pinleg, og ho skriv modent om ei bestemor i siste fase i livet. 

Men jamaldringane sine når ho ikkje denne kvelden. Tyngdepunktet av dei 25 frammøtte tilhøyrer foreldregenerasjonen.

 Arnfinn Kolerud – fødd Romsdaling og tilflytta Måløyværing – er ein underfundig forfattar med mange utgjevingar på Samlaget. Han las frå ein trilogi om Nynorskfundamentalistane i ei lita bygd der dei vernar om nynorsken. I Vassbygda – eller Vassbygdi sloss dei om a-ending eller i-ending i eitt og alt. I-folket der køyrer Toyota, som dei kallar Toyoti – for sikkerheits skuld. A-folket køyrer det vi kanskje vil kalle Audi – men i Vassbygda heiter det Auda. Der den eine halva av folket ler ha-ha-ha, så ler dei andre – ja, nettopp – hi-hi-hi.

Litteraturfest handlar om formidling, og når ein av romanfigurane til Kolerud har lokka den 76 år gamle mor si til å byrje på internatskule for å redde nynorsken, og då tek det heilt av. Kolerud får med seg ein modig mann frå salen til å lese replikkane til mora i ei kosteleg replikkveksling om det er slik at mora drikk konjakk på internatet (klikk på klippet ovanfor). Her svingar mistydinga om ”leskedrikk og leksedrikk” seg opp på eit surrealistisk nivå. Stor humor med ordspel og tull og vas, der eit visst alvor ligg i botnen.

Festmiddagen oppsummert. Dette var rett triveleg for oss få som var der. Men sjølv eit steinkast frå ”Firda Gymnas” dreg ikkje ein rutinert lokal poet og ein underfundig humorist folk ut av godstolen med TV-en på ”Melodi Grand Prix” og ”Hver gang vi møtes” på laurdagskvelden. Sjølv om vi på hotellet fekk karamellpudding til dessert!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *