Indremisjonen utfordrar

Bedehuset ligg gøymt inne mellom bilhandlarane

Høyr radiomeldinga. Sjå bilete av lovsongen nede på bloggen  

Søndag klokka 11 blank vitja eg Sogndal Indremisjonsforsamling. Der var storsamling med lovsong og oppbyggjelege talar. Sjølv om dei fleste i denne forsamlinga står i statskyrkja, så har dei lagt møta sine kliss midt i den beste kyrkjetida – dei siste tre åra. Medan nokre tusla seg inn i Stedjekyrkja samla indremisjonen 100 menneske i alle aldrar i sine lokale rett nedanfor.

Det nymotens bedehuset ligg i ein nedlagt møbelbutikk i same bygningskompleks som Volvo og Opel. Den som måtte leite etter det gamaldagse kvite bedehuset med lysande kross på veggen kjem til å gå feil. For meg som er oppvaksen i gamal bedehustradisjon, så vart eg overraska. Eg rusla meg opp trappene, og lurte på om alt var forandra.

Men eg kom fort tilbake til ”barndomens bedehus”. Her vert ein helsa personleg velkomen. I neven. Alle vert sett. Her er personlege vitnesbyrd. Her lever frimodet vi lærde på søndagsskulen. Nyskrivne songar vert framførte med glød. Kvaliteten på tekstane er varierande, men ingen tvil om at det er ekte vare. Forkynninga legg vekt på tilgjeving i det daglege. Praktisk og jordnær om du trur på ein himmel, eller om du berre er ein verdsleg kulturmeldar på bakarste benk. Møtet er ein skule i å tore å stå fram med sitt.

Frimodet og aldersblandinga imponerer meg. På meg verkar det som dei bryr seg mest om kvarandre som menneske. Det ser ut som dei er flinke til å sjå ”den enkelte”. Tilhøvet til Vårherre ser ut til å kome meir i bakgrunnen.

Dei tolkar på engelsk til våre nye landsmenn. Det imponerer meg at heile møtet vert omsett på direkten på engelsk til innvandrarane i salen. ”Vi treng fleire tolkar”, er bodskapen, ”vil vi vere ei internasjonal forsamling, så må vi tolke”. Eg spør: Kor mange organisasjonar tek denne språklege utfordringa på alvor?

Så er det kollekt til styrking av indremisjonen i Bremanger! Med eigen kollekttalar som skal få setlane ned i bøssene. Eg ventar stille kollekt – det vil seie at ein høyrer raslinga i papir langt sterkare enn klingande mynt. Men her er eg utgått på dato. Kollektbøssene har fått konkurranse frå kortterminalen sine lydar i skranken. Indremisjonen håvar inn runde beløp frå Banken til Vårherres tenarar på direkte linje.

Eg innrømmer at eg på veg innover til Sogndal såg på Indremisjonen som noko gammaldagse greier. Men eg vart møtt av ein moderne og oppgåande organisasjon. Ein flokk frå Bygstad gjesta storsamlinga og dei fekk praktiske ord med på heimvegen. Det var organisasjonsstrategen Tom Salte som delte sine røynsler om bygging av Sogndal Indremisjonsforening dei siste 20 åra. Han er nok både mild og tøff. Han delte røynslene sine raust til Sunnfjordingane. Men det er same mann som torer å utfordre kyrkja i Sogndal med å halde indremisjonsmøte i beste kyrkjetid – søndag klokka 11. Sjølv Sogndal Fotball ville kvi seg for å legge ein cupkamp i kyrkjetida. Men så preikar Tom Salte om Jesus på effektiv Jærbu-dialekt, i Sogndal Indremisjon spelar han definitivt utfordrande spiss!

Lovsong med søndagsskulepreg

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *