«Fjusk» gav siger i kvissen!

Bård Solberg er fast spørjar på Pikant

Høyr kåreriet

God morgon. No skal du høyre kva eg gjorde i går kveld. Eg var på eit rart kulturarrangement, kan du tru. Eit arrangement der den desiderte eliten støyla seg i same sal som røkla. Eg var på kafé i Førde. På Pikant på onsdagskviss. Kviss er spørjeleik for vaksne. Eg var forviten når eg kom; kvifor i all verda skal ein i våre dagar konkurrere om faktakunnskap? Kva er vitsen med å hugse noko som helst i ei tid der faktakunnskap ligg berre eit tastetrykk unna på internett? I eit tid der leksikona er daude!

Åtti personar delte seg i tjue firmannslag, og dei fleste understreka smilande at dette var fyrst og fremst moro og sosialt. Ja, kanskje dei hadde det sosialt når dei skulle spekulere ut at USA kjøpte Alaska av Russland – og hugse namna på dei mest moderne tekniske dippeduttane på datakloden. Men moro? Av dei åtti i salen var det berre ein som lo høgt og rungande, men so var no han både austlending og barnehagestyrar – og kan knapt reknast med i det gode sunnfjordske selskap.

Andre heldt fram hjernetrim og det å kunne gløyme jobben som høgverdige motiv for å tore å leike seg. Dei ærlegaste sat likevel med stive masker og lyfta hovud. Dei stolte minene var ikkje til å ta feil av. Eimen av mannlege kjønnshormon og konkurranseinstinkt blanda seg over nokre einkjønna bord med menn.

Eg la fort merke til ulike stilarter som prega ulike lag. Alle er samde om at det er dødssynd å fjuske via mobilmeldingar og trådlaust internett. Men ein kan tydeleg sjå at enkelte lag set av ein person i lytteposisjon i høve dei høgrøysta og kunnskapsrike på naboborda. Denne snokande lyttefunksjonen vert ofte utført av ein som er reserve på laget. Kjernen i laget har viktigare oppgåver, må vite. Kjernen gir det avgjerande nikket og fører det rette svaret i protokollen.

For å verne seg mot avlytting finst det fleire metodar. Nokre har så stor tru på eigne krefter at alle deltakarane skriv ned svara kvar for seg, og syner arka til kvarandre mest som på stumfilm. Dei mest alvorlege karane stikk hovuda tett i hop og snakkar så lågt at dei knapt høyrer seg sjølve. Dei smeltar saman i ei einaste hjerneboble. Eg ser med ein gong at desse vert vanskeleg å slå. Her er det konsentrasjon og kunnskap som gjeld. Her er det ikkje tøys og vittige replikkar i utrengsmål.

Laget med den støyande austlendingen leier klårt til pause, men dei sprekk så det susar i andre omgang. Då stig dei fram – dei mest rutinerte og alvorlegaste karane – som veit kva dette handlar om. Det er nett som eg hugsar frå barndomen. Den skikkelege leiken byrjar ikkje før det vert skikkeleg alvor. Laget som kallar seg «Fjusk» er overbefolka med seriøse lærarhjerner. Det er truleg lærarar som er ute på byen og drikk brus og avreagerer. Avreagerer ved å ha det moro og sosialt? Neppe! Laget «Fjusk» avreagerer frå det harde livet på Ungdomsskulen. Med alt det inneber av «kviss» og – alvor!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *