Julebrevet heimanfrå

Høyr kåseriet om dei tre lokale julehefta

I går var det kladdeføre på kjøkenbordet mitt. Eg hadde vore uvøren og lettvint nok til å ta på meg oppdraget om å kulturmelde julehefta ”Jul” i Nordfjord … og sameleis i Sunnfjord. Medan det heiter ”Jol” i Sogn! Tre julehefte utgjevne av ungdomslag, museum og sogelag. Lettvint tysdagsarbeid tenkte eg, og opna eitt nytt glas pulverkaffi. Ute dryssa det pyntesnø.

Elle – melle – elle – Jol fyst. I Sogn. Den ærverdige veteranbåten ”Stavenes” har fått æveleg liv over fleire sider, og kongen av fiskeoppdrett står jamsides med kong Olav. Braanaasen står smilande med ledig hoftefest, medan Laffen vinkar til Hurtigruta. I stein.

Nordfjordingane gled seg over at Moods har teikna dei norske innmarsjkleda til OL, og krigsjula i Måløy kjem som ønskereprise. Eg slit med motivasjonen, og kveikjer ljosa i adventsstaken. Eg tjuvar til meg sjokoladebitane under familiens luke 12 og 13. Sjokoladen for den 12. kalenderluka smaka suligt, men Lucia-sjokoladen måtte tyggast ekstra. Dårleg samvit svei i halsen. Eg var klar for Sunnfjord.

Sunnfjord er som venta traust. Dei trykker ein ”klagesong frå hospitalet” på 24 vers og ein biografi i kortform over mordaren Trodal-Mass.

Fellestrekka i dei tre julehefta er slåande. Dei er nesten kjemisk frie for Jesus-stoff, men Nordfjordingane gjev oss heldigvis ein julesong slik at vi får repetert at ”No er det fødd ein frelsar, og natti vart til dag.” Når eg såg tittelen ”Ein ubeden julegjest”, så håpa eg i det lengste på ei god gamaldags sentimental juleforteljing a la ”Det er julekveld i stua”! Men eg måtte slukøyra slå fast at det handla om uveret ”Dagmar”.

Vegopningar er den nye religionen – skal vi døme etter dei tre julehefta. Frå nord til sør rosar julehefta ”den breie veg” med aktuelle andakter om Kvivsvegen, Dalsfjordbrua og den nyopna Torvund-Teigen ut mot Lavik på E39.  

Julehefta har som vanleg mykje grundig historisk stoff, og eg vil dra fram to særs fine artiklar om to kvinnelege kunstnarar. Det er Kjellaug Haugen Holter frå Loen i Nordfjordheftet og Astrid Myklebust frå Jølster i Sunnfjordheftet.

Mykje av stoffet er traust og opplysande. Men noko er også leikande. I Nordfjordheftet står ein fornøyeleg forteljing om bestefaren som går seg vill i leikebutikken. Du får ekstra julestjerne hjå meg – forfattar Sigbjørn Hjelle – for teksten om ”Traktoren som besten vil leike med åleine”!

Etter ein litt treg start, så vart eg sogen inn i julehefta. Ute har det slutta å snø, og dei to første lysa i adventkransen må erstattast med nye. Eg undrast litt over kven desse julehefta er laga for. Først og fremst er dei for alle oss som treng ei høveleg julegåve for ein hundrings. Dei høver nok også best til dei godt vaksne og historieinteresserte. Julehefta høver særs godt til dei utflytte som kjenner litt på heimlengten no fram mot jul.

Forfattaren Ole Wilhelm Fasting er omtala i Sunnfjordheftet, og eg trur han set ord på denne kjensla. Lengten etter julebrevet heimanfrå. Eg rundar derfor med eit Fasting-sitat: ”Det hænder mig stundom, naar ensomhetsfølelsen tar overhaand i mig, og jeg synes at leve i utlændigheten, at der dukker frem for mig i erindringen billeder fra mitt hjem og min barndom.” Det er dette vi ventar på: Julebrevet heimanfrå!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *