Laus lått på Stadt

Ove Gunnar Aarsheim i spiss for ein jamn og god scenetropp

Høyr radiopraten

Stadtlandet UL baud inn til bygdakveld med tittel «Blanda drops» på laurdagskvelden. Køen på døra gav vaktene ordre om å bere inn ekstra stolar. Nesten 300 store og små benka seg. Arrangørane ville ikkje kalle det «revy» …. for det høyrest so proft ut, sa dei. Det var tryggare med bygdakveld. Greit for meg, men likevel: Dette var bygdarevy så godt som noko ispedd nokre songinnslag som svinga i framsyninga.

På bakromet heng åtte diplomar frå Sogn og Fjordane Ungdomslag. Åtte år med aktivitetsprisar for beste lokallag. Det syner at arbeid frå scenen i grendehuset – og Dragseidspelet for den del – ligg i blodet hjå bygdafolket på Ytre Stadt.
Scenegjengen på 10 personar skruar seg opp, og ein merkar med ein gong at her er publikum og scenegjeng på same frekvens. Emna frå scenen er tradisjonelle frå doktormangel til lavkarbo, frå banknedlegging til oppstart av sædbank – eller rettare «minisædbank», frå klosterutbygging på Seljeøya til besøk av Mette Marit. La meg stoppe litt ved eit par toppnummer: Fornøyeleg om Reveenka som TV-Reality – der det gamle eventyret vart spela som «dyreromantikk». Og så fekk den lokale kjøpmannen på Bunnpris kjærleg juling….., ja, publikum lo ekstra av at kjøpmannen også stod på scenen sjølv.
Skal eg pirke litt, så kan det nemnast at sjølv om emnetilfanget er breitt, så ligg tyngdepunktet litt for ofte lettvint under beltet. Elles dreg scenegjengen ned tempoet ved litt unødvendig teppedraging mellom nummera.
Viss scenegjengen har lyst, så er dei veldig nær å kunne satse på ein revy med god gli og tempo, og der dei gode songnummera kan klippast rett inn. For Stadtlandet UL har det viktigaste på plass. Dei har driv og snert. Dei har ekstrem speleglede, og dei har drilla og øvd nummera godt. Framfor alt har dei ein jamn god scenetropp med Ove Gunnar Aarsheim som trygg og vittig spiss. Eg merkar meg at scenerøynsla også frå Dragseidspelet er god å ha med seg.
November 2012 på Stadt. Med storhavet inn. Laussloppen moro på grendahuset. Alle store og små kulturarrangement har ei ramme rundt seg. Av og til står ramma litt skeivt i høve til det som kjem frå scenen. Slik også denne kvelden. På Stadtlandet. For kva snakka folk om i salen før framsyninga? Jau, dei snakka om den lokale fiskaren som låg hardt skadd på sjukehuset i Tromsø. Eg er sikker på at også revygjengen har vore innom denne «kvardagsdramatikken» i pausar under øvingane. Eg er sikker på at dei mellom dei hardaste taka under øving har høyrt på doktormeldingane frå Tromsø.
Skal ein drive på med lettbeint moro når nokon i bygda har det ilt? Svaret er ikkje eintydig og gitt ein gong for alle. Men denne kvelden fylte stassingane salen for å sjå det som gjengen på scenen hadde heimetappa. Dei visste langt på veg kva dei fekk. Og dei visste å setje pris på det. Doktormeldingane nordfrå var lysare og det var både viktig og nyttig å kople om ……. og å setje latterdøra på gap halvannan time. Truleg gav Stadtlandet UL bygdefolket det dei hadde mest bruk for nettopp denne laurdagen: ein god lått!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *