Forfriskande kunstprosjekt

Radarparet Djuvik og Viken får seg frukost i nrk-studio. Foto: Oddleif Løset

Høyr den samanklippa radiosamtalen med Anne Viken og Frank Willy Djuvik her  

Høyr kulturmeldinga mi om det nye kunstprosjektet deira her 

Radarparet Anne Viken og Frank Willy Djuvik har starta eit forfriskande kunstprosjekt. Kunstdebatten vår er ofte altfor daff. Dette er eit flott initiativ med guts. Dei er offensivt oppsøkjande. Vonar dei ikkje berre er ”oppsøkjande”, men også ”søkjande”. Den grundige startbloggen om nettsidene til kunstmuséet og dei kulturhistoriske vitnar om grundigheit og framlegg til konstruktive forbetringar. Bra! Det er viktig at det profilerte radarparet ikkje berre vil spegle seg sjølve. Men for all del: Vonar dei held gutsen!

Energibunten Anne Viken er skribent, forfattar og dyrlækjar. Eg tvilar ikkje på hennar evne til å provosere. Bunadsdebatt og landbruksdebatten kan nemnast som døme. Men eg lurer ofte på hennar konstruktive vilje. Startbloggen om nettsidene syner oss ein konstruktiv start. Ja, den vart nesten i meste laget omstendeleg. Eg ser også at ho prøver seg på å lage ”Kontaktannonse” for teatersjef Terje Lyngstad. Fornøyeleg og harmlaus, men eg åtvarar med eit stort MEN! Det er viktig at ikkje private innslag skuggar over initiativet. Kunstdebatten er for viktig til det. Pass på siktemålet.

Frank Willy Djuvik er ein profilerty FRP-politikar i fylket. Han vil ause ut fylkeskommunale pengar til Grand Prix og han vil hylle Tone Damlie Åberge med kulturpris. Kulturutspela hans har smaka av populisme, men siste halvåret ser vi at han set seg inn i kulturfeltet på ein ny måte. Bravo! Likevel: Å studere kunst med FRP vert som å gå på kurs i vinsmaking hjå KrF. Eit vinkurs med Trude Brosvik vil vere pirrande, men mange av oss vil stille oss tvilande til ekspertisen.

Her må det etablerte kunst- og kulturmiljøet kvitte seg med fordomane. Vi treng fleire stemmer i kulturdebatten. Vi treng fleire auge som ser og fleire øyre som høyrer. Vi må vere like opne for kunstprosjektet til Anne og Frank Willy, som dei ser ut til å vere for kunst og kulturlivet.

Radarparet vil utfordre: Dei kjem til å utfordre kunstinstitusjonen med direktør Morten Johan Svendsen i spiss. Mi oppmoding: Slepp dei inn til frukost, Svendsen. Dei treng ein prat med deg, og du treng å verte utfordra av dei.

Kvar er kunstnarane i debatten? Vi treng kunstnarane sine organisasjonar på banen. Kvar er du Maria Hjelmeland? Vidare vil Frank Willy og FRP kunne setje dagsorden på kulturfeltet i valkampen. ”Tenk det, Hedda!” – som fader Ibsen sa det. Bravo, seier eg.

Prosjektet utfordrar også media. Vi har opna svært kunstmusé til 93 millionar. Der har 52 lokale kunstnarar og kunsthandverkarar utstilling. Dei fortener ei proff kunstmelding. Nrk/sf har hittil ikkje teke tak i det. Ikkje BT heller – så vidt eg veit. Ingen av dei større eller mindre lokalavisene heller.  

Kvar skal prosjektet ende? Eg hyllar det forfriskande prosjektet, men eg er usikker på kvar det kjem til å ende. Det er truleg radarparet også. Eg ynskjer lukke til langs kunst- og kulturvegane i fylket. Både på vegane med ”gul stripe” og på grusen ”på den smale veg”.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *