Modig Kong Audbjørn på første gir

Manusforfattar Rønnaug Torheim fekk applaus og blomst. Ho storspela i rolla som heks.

Høyr kulturmeldinga her

To episodar utandørs gateteater frå i sommar vart repetert og utvida innandørs under Eidamessa på laurdag. Vikingkongen Audbjørn frå Eid skulle gravast fram or haugen. Forteljinga vert usamanhengande og uklar, men livlege amatørar gjer at ”vikingtoktet” so vidt bergar seg i land. Berre litt over 150 benka seg for å sjå framsyninga av den samansydde inneversjonen av Kong Audbjørn.

Uferdig manus i blanda sjanger. Manus ber tydeleg preg av at det er laga for tablå ute i ei travel handlegate. Mykje rop og skrik, og lite samanhengande drama. Det er ein særs vanskeleg sport å dra dette stykket inn i hus der forventningane vert annleis. Set ein opp historiske spel i Sogn og Fjordane vert ein lett samanlikna med ”halvproffe” oppsetningar. La meg minne om at Kong Audbjørn må sjåast på som ei rein amatøroppsetjing. Manus er heimesnikra i ei uklar blanding av om dette er kvardagsliv i vikingtida eller ”kvardagsfilosofi i vekeblad” frå vår eiga tid. Her er krigarar og skrytepavar, mjuke menn og frustrerte kjærringar, kjærleik og sverdkamp. Likevel: Handlinga vert ståande pinn i ro.

Amatørar med sprut bergar framsyninga i land. Den rutinerte revyskodespelaren Roy Aron Myklebust i tittelrolla gir kraft til Kong Audbjørn. Likevel er det trollkjærringa Hede som stel showet. Det er manusforfattar Rønnaug Torheim som gir liv til denne fornøyelege heksefiguren. Ein Viking-healer av format. Heile skodespelarlaget – store og små – gjer ein iherdig innsats der sjangeren innbyr til kraftfullt spel, og publiken humra forsiktig og kosa seg. Lokalpatriotismen blomstra.

Eg såg berre den samansydde inneversjonen, men eg såg nok til å våge å meine at Vikingteater med vekt på stuntspel bør halde seg utandørs. Kanskje kan ein utvikle Kong Audbjørn til å kunne spelast på det flotte uteamfiet på Nordfjordeid? Men slik manus og regi ligg no høver det nok best i sjangeren ”stunt i sentrumsgata”. Nokra av oss vil hevde at vikingspel og hornmusikk høver best ute!

Applaus for ein nyskaping. Arrangørane understrekar tydeleg at ”Kong Audbjørn” skal dra Audbjørn fram i lyset, og trekke meir vitjande publikum til Nordfjordeid. I aulaen såg vi laurdagskvelden Kong Audbjørn i ein inneversjon på første gir. Det tener arrangørane til ære at dei prøver ut nye speleplassar. Historiske utandørsspel i amfi har vi mange av. Innandørs amatørrevy også. Eid har allereie historiske ”Elskhug og eksis” i uteamfiet sitt annankvart år. Tablåspel i handlegatene er vi ikkje nedlesta med her i fylket. Kanskje det er på arenaen i Eidsgata at Kong Audbjørn framleis vil  gjere sitt mest suksessrike ”vikingtokt”?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *